Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er eit tilbod til heimebuande som bur åleine. Alarmen skal bidra til å auke tryggleik slik at brukar kan bu heime eller i omsorgsbustad så lenge som mogleg. I ein akuttsituasjon skal brukar ved hjelp av tryggleiksalarm ha mogelegheit for å tilkalle hjelp.

Gå til søknadsskjema >

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kjenner seg utrygge ved å bu åleine.

Korleis søkje ?

Du må ha fast bustad i kommunen og du må sende ein skriftlig signert søknad

Du brukar søknadsskjema for helse –og omsorgstenester for å søkje om tryggleiksalarm.

Søknaden sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal

Seksjonsleiar i Open omsorg handsamar søknaden så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftlig melding om grunnen til dette.

Kor mykje kostar det?

Du betaler  kr 232,- pr månad per abbonement for leige av alarmen. Prisen for 2017 er sett av Naustdal kommunestyre.

Praktiske opplysningar ved leige av tryggleiksalarm

  • Alarmen vert knytt opp til mobil abonnement som er inkludert i månadsprisen.
  • Alarmen er knytt til Alarmsentralen i Florø heile døgnet.
  • Naustdal kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria.
  • Brukar må syte for framkomelig veg fram til bustaden.
  • Vi ynskjer at pårørande/nabo er fyrstekontakt for alarmsentralen, spesielt når brukar bur i ein radius på 5 – 7 km frå Naustdal sentrum.
  • Brukar må gje løyve til at nøkkelboks vert montert ved inngangsdør.
  • Det er ein (1) månads oppseiingstid.
  • Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste med eigenandel fastsett av Naustdal kommunestyre.
Ansvarleg Inger Elise Grotle. Sist endra 10.07.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 95734751
  • E-post:  
Seksjonsleiar Open omsorg
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 90537710
  • E-post:  
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering