Er du pårørande?

Å vere pårørande handlar om å ha krevjande omsorgsoppgåver til ein du er glad i. Du som pårørande utfører viktige omsorgsoppgåver, og har ein verdi for omsorgsfellesskapet.

Naustdal kommune ønskjer å ivareta pårørande si helse, livskvalitet, og kapasitet i kvardagen. Pårørande er ein viktig ressurs for Naustdal. Ved å blant anna samle informasjon om tilbod i kommunen, rettigheiter pårørande har, samt gode ressurssider, ønskjer vi å gjer det lettare for deg å finne fram til nødvendig informasjon og tenester.

Tildelingsteneste og koordinering

Kontakt tildelingskontoret om du har spørsmål knytt til helse- og omsorgstenester i kommunen. Oddvar Holsen tildelingskoordinator, tlf.: 57 81 61 00.

Søknadsskjema knytt til omsorgsløn, hjelp i heimen, sjukeheimsplass, praktisk bistand, brukarstyrt personleg assistanse, og avlastning finn du her.

Ferdig utfylt og signert søknad sendast til: Naustdal kommune v/ tildelingskoordinator, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Rettigheiter og tilbod til pårørande

Pårørande har rett til informasjon og generell rettleiing. Dine rettigheiter finn du på Pårørandesenteret sine nettsider.

Naustdal kommune har ulike tilbod til pårørande:

Omsorgsløn

Dersom du har tyngande og krevjande omsorgsoppgåver, og utfører oppgåver som kommunen elles måtte ha utført, har du rett på omsorgsløn. Du finn meir informasjon på Helse Norge sine nettsider. For søknad om omsorgsløn gå til søknadsskjema under «Tildelingsteneste og koordinering» ovanfor.

Avlastning

Ved langvarige og tunge omsorgsoppgåver kan ein søkje om støttekontakt. Avlastning kan bli gjeve som nokre timar enkelte dagar, eller som eit lengre døgnbasert avlastningstiltak.  Det finnast og ulike tilbod på dag og kveld som skal verke avlastande for omsorgspersonar.

  • Loffen: Fritidstilbod for barn og unge på kveldstid
  • Nillestova: Aktivitetstilbod for eldre på dagtid, Naustdal sjukeheim
  • Gardsbøen – bustad for personar med funksjonshemming

> Råd til pårørande – her finn du generelle råd til deg som pårørande. (PDF, 2 MB)

> Barn som pårørande – her finn du generelle informasjon om barn som pårørande. (PDF, 2 MB)

Har du eller jobbar du med barn som pårørande? Her finn du nyttig informasjon:

> Barns Beste - Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørende

> Snakketøyet - digitalt verktøy for å støtte og ivareta barn som er pårørande

Nyttig informasjon lokalt

NAV kan yte hjelp dersom du har økonomiske eller sosiale vansker.

Informasjon om stønadsordningar og rettleiing med søknad finn du på NAV sine nettsider:

> Grunn- og hjelpestønad

> Sjukdom i familien

> Hjelpemidlar

Naustdal frivillegsentral er ein sosial møteplass for personar som har behov for hjelp, eller som ønskjer å hjelpe. Frivillegsentralen tilbyr ein rekke aktivitetar. Helsefremjande for alle. Sjå frivilligsentralen si nettside for meir informasjon.

> Aktivitetsbrosjyre «Helsefremjande eldre» (PDF, 137 kB)

Frisklivssentralen skal støtte og hjelpe personar i Naustdal som ønskjer å endre levevanar og livsstil. Gjennom ein Frisklivsresept vert du tilvist til Frisklivssentralen. Ingen krav om diagnose. For meir informasjon om aktivitetar og anna tilbod sjå eigen artikkel.

Ressurssider

Helsenorge

Nyttig informasjon med tanke på rettigheiter, tilbod og kontaktinformasjon dersom du treng rettleiing eller nokon å snakke med.

PårørandeSenteret

Senteret tilbyr gratis rettleiingstilbod til pårørande og tilsette som møter pårørande. Skal vere lett å oppnå kontakt med gjennom telefon, e-post, og chat.

Pårørandesenteret i Oslo (PIO)

Er eit kompetansesenter for pårørandekunnskap, og eit støttesenter for pårørande. Tilbodet rettar seg spesielt mot pårørande til personar med psykiske helseutfordringar/rusproblem, men tilbyr og hjelp og rådgiving til alle pårørande.

Los til andre hjelpetilbod

PårørendeSenteret har laga ei eiga oversikt over ulike hjelpetilbod til pårørande. Oversikta over lenkjer til pårørande-, pasient- og brukarorganisasjonar.

Helsedirektoratet

Pårørande – ein ressurs: nettbasert retteliar publisert av Helsedirektoratet.

Brosjyre om når ein av våre nær døyr

Brosjyren inneheld praktisk informasjon som etterlatte kan få bruk for når nokon i familien døyr. Her finn du råd for tida etter eit dødsfall. (PDF, 714 kB)

Nasjonalforeininga for folkehelse – demens

Interesseorganisasjon for personar med demens og pårørande med eiga nettside med informasjon og rettleiing.

Pasient og brukarombod

Ombodet i Sogn og Fjordane kan hjelpe deg med å gjere ei vurdering av di sak, og gi råd og rettleiing om korleis du bør gå vidare.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi kan vere eit hjelpemiddel for å lettare meistre kvardagen for brukar og pårørande.

Har du spørsmål om velferdsteknologi som Naustdal kommune tilbyr kan du ta kontakt med tildelingskoordinator Oddvar Holsen. Enkelte løysingar kan du få via nettsidene til Nav- Hjelpemidlar.

> Er du nysgjerrig på kva velferdsteknologi er, og kva det er meint å hjelpe deg med, kan denne informasjonsfilmen vere interessant for deg.

> Les meir om velferdsteknologi på Helsedirektoratet sine nettsider.

Klagerett

På Helsetilsynet sine nettsider finn du informasjon om dine rettar til å klage.

Ansvarleg Mari Ullebø Nedberge. Sist endra 23.01.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Prosjektleiar
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Eksterne linkar (1)
 
 
Login for redigering