Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei teneste som ytast i heimen hjå brukaren. Målgruppa er eldre og/eller sterkt funksjonshemma og/eller sjuke som ikkje klarar seg på eiga hand. Hjelpa kan til dømes vere hjelp til personleg hygiene, utdeling av medisin og sårstell.

Gå til søknadsskjema >

Korleis søkje om denne tenesta ?

  • Du må ha fast bustad eller opphalde deg i Naustdal kommune og du må sende ein skriftleg søknad.
  • Tildelingskontoret handsamar søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp. Kartlegginga kan gjerast på telefon eller vi kjem på avtalt heimebesøk.

Søknad sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal

Dersom du får vedtak på heimesjukepleie vil du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste. Dersom det oppstår ein akutt situasjon kan du få gratis tannhelseteneste før tre månader er gått.

Sist endra 29.01.2018
$(TITTEL)
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 95734751
  • E-post:  
Seksjonsleiar Open omsorg
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 90537710
  • E-post: