Helsestasjon

Alle gravide, barn og ungdom frå 0-20 år er velkomne til Helsestasjonen i Naustdal. Vi held til i brakkene ved helsesenteret, og har ope kvar dag frå kl 09.00-15.00. Du kan nå oss på telefon 57 81 61 50.

Ved Naustdal helsestasjon jobbar helsesøster, helsestasjonslege og jordmor;

Tilsette:

Solrun Krakhellen, leiande helsesøster i 100 % stilling, tlf 57 81 61 50.

Ann-Katrine Bruflot, helsesøster i 100 % stilling, tlf 57 81 61 33.

Tor Vidar Myklebust, helsestasjonslege, 20 % stilling kvar onsdag.

Beathe Salbu Håkonsen, jordmor, 20 % stilling kvar tirsdag tlf 40 44 60 36. Timebestilling 57 81 60 20 (Naustdal legesenter).

 

Gravid?

Les eigen artikkel om svangerskapskontrollar.

Helsestasjon for barn

Vi gjev tilbod om

  • barnevaksinasjon
  • helseundersøkingar
  • førebyggjande psykososialt arbeid
  • opplysningsverksemd
  • heimebesøk
  • hjelp og samarbeid med skule
  • samarbeid om habilitering av barn og unge med spesielle behov

Skulehelsetenesta

Skulehelsesøster har kontortid på grunnskulane og gjev tilbod om råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar til alle skuleelevar under 20 år.

Når det er behov for det viser skulehelsesøster vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller til ein spesialist. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å arbeide for eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.

Helsesøster Ann-Katrine Bruflot er på NBU avd. Horstad tirsdagar og NBU i sentrum fredagar. Helsesøster Solrun Krakhellen er på besøk på Vevring skule kvar haust og er skulen si helsesøster.

Helsestasjon for ungdom

På helsestasjon for ungdom opp til 20 år kan du få gratis råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Helsestasjon for ungdom kan også vise deg vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Opningstida er onsdagar 14.30-15.30 og helsesøster Ann-Katrine Bruflot og helsestasjonlege Tor Vidar Myklebust er tilstades.

Kontakt helsestasjonen, ring 57 81 61 50 eller kom innom. Du treng ikkje å tinge time.

Ansvarleg Solrunn Krakhellen. Sist endra 12.09.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Leiande helsesøster
  • Tlf: 57 81 61 50
  • Mob:
  • E-post:  
Skulehelsesøster
  • Tlf: 57 81 61 33
  • Mob:
  • E-post:  
Tenester i Naustdal (2)
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering