Demensteamet

Klikk for stort bilete

Kan det vere demens?

Opplever du eller nokon av dine næraste endringar i kvardagen som er vanskeleg å forstå?

Demenssjukdommar kjem ofte snikande og skaper uro både hos dei som er råka og deira næraste.

Tidlege teikn på demensutvikling

Det er ulike teikn som kan komme til syne i starten av ei demensutvikling. Alle vil ikkje ha alle symptoma, og symptoma vil ikkje vere like synlege heile tida. Eksempel på symptom kan vere:

  • Vanskar med å hugse nylege hendingar, gjentek historier.
  • Forvirring i forhold til tid og stad
  • Konsentrasjonsvanskar.
  • Vanskar med å tenke abstrakt.
  • Vanskar med å finne ord.
  • Vert passiv/likegyldig.
  • Endringar i humør.
  • Svekka dømmekraft.
  • Gløymer innlærde ferdigheiter

Eg er bekymra, kva gjer eg?

Om du er bekymra for om du sjølv, eller nokon du står nær er i ferd med å utvikle ein demenssjukdom, bør du ta kontakt med fastlegen. Det er viktig å få stilt ein diagnose, enten symptoma skuldast demens, eller ein annan sjukdom. Du kan og ta kontakt med demensteamet for å rådføre deg. Dei kan hjelpe deg med den første kontakten med lege, om du ynskjer det.

Ei god utredning er viktig for å:

  • Utelukke andre sjukdommar som liknar på demens.
  • Gje den demensråka muligheita til å ta sjølvstendige standpunkt medan ein framleis har samtykkekompetanse.
  • Kartlegge hjelpebehov.
  • Kunne sette i gang tiltak til rett tid, som å legge til rette for ein god heimesituasjon, og vurdere behov for medisinar.

Kva gjer demensteamet?

Demensteamet har eit tett samarbeid med legane, både i utredningsfasen og etter ei evt. diagnose. Teama er lågterskeltilbod som du kan kontakte direkte, utan tilvising. Vi jobbar bl.a. med:

  • Informasjon om tenestetilbod/hjelp med søknader.
  • Råd og rettleiing i dagleglivet med demenssjukdom.
  • Styrke pårørande gjennom open dialog
  • Fremje førebyggjande arbeid som utset behov for sjukeheimsplass.
  • Driv pårørandeskular og samtalegrupper (interkommunale tilbod).
  • Rettleiing for tilsette som jobbar med personar med demens i kommunane.
  • Demensteamet har teieplikt.

 

Tiltakspakke demens

Når diagnosen demens er fastsett, kan ein søkje kommunen om tiltakspakke demens. Søknadsskjema finn du på den einskilde kommunen sine nettsider eller servicekontor.

Tiltakspakke demens skal sikre at personar med demens og deira pårørande får systematisk oppfølging etter diagnosen. Tenesta inneber at personen med demens får tildelt ein primærkontakt frå heimetenesta, som kjem på faste heimebesøk, for samtale med den demensråka, og pårørande. På den måten kan vi lettare få ei jamn oppfølging, fange opp endringar, og sette inn rett tiltak til rett tid. Samtidig kan dette vere ei støtte for pårørande.

Andre tenester

Ta kontakt med demensteamet for informasjon om andre tilbod eller tenester som kan vere aktuelle i den einskilde kommune.

 

Demensteamet i Naustdal:

Telefon: 57 81 62 00/ 57 81 62 12.
Måndag – fredag 8.00 – 15.00.
E-post: demensteam@naustdal.kommune.no

 

 

 

.