Bekymra for nokon?

Er du bekymra for ein slekning eller ein nabo? Har du spørsmål om demens eller kreft? Lurer du på om du bør melde i frå til barnevernet?

Bekymra for eldre slektning eller nabo?

Er du bekymra for ein eldre slektning eller nabo som ser ut til å slite i kvardagen, kan du:

  • hjelpe den det gjeld til sjølv å kontakt med tildelingskontoret der kan dei få informasjon om ulike hjelpetilbod og få hjelp til å søkje.

  • hjelpe den det gjeld eller ein slektning til å kontakte Frsiklivsentralen.

  • sende ein bekymringsmelding til kommunelegen.

  • Treng du hjelp til å finne ut om nokon held på å utvikle eller har demens? Kontakt fastlegen for samtale.

Bekymra for eit barn?

Om du er bekymret for eit barn si utvikling eller omsorg, kan du ta kontakt med barneverntjenesten i den kommunen hvor barnet bor. Du kan melde via telefon eller brev.

Er du bekymra skal du melde i frå uansett. På nettsidene barnevernet .no kan du lese meir om omsorgssvikt og finne skjema for bekymringsmelding.

Barnevernet i vår kommune når du på telefon 55 55 33 33 og på e-post   : Monica.Loen-Grov@naustdal.kommune.no

Problem med rusmiddel?

Treng du eller nokon du kjenner hjelp med rusproblem? Då kan du kontakte ruskonsulent Hildegunn Sortland og avtale time, tlf.  45 97 88 83.

Hjelp til personar med kreft

Kreftsjuke og pårørande kan få hjelp av kreftomsorga. Lindrande team er bindeleddet mellom dei ulike instansane og forvaltningsnivåa.

Kreftomsorga i kommunen er eit lågterskeltilbod, du som ønskjer det kan kome i kontakt med oss tidleg i sjukdomsforløpet.

Kontakt heimesjukepleien, dei set deg i kontakt med lindrande team: 57 81 62 13 /  957 34 751.

Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: