Grense

Grensejustering

Grensejustering er justering av ei eksisterende grense mellom to naboeigedomar.

Om du ynskjer justering av grense må du sende søknad til Naustdal kommune. Husk at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadsskjemaet.

Legg ved kart som viser ønskt justering av grensene.

Det er ikkje alle saker som kan gjennomførast som grensejustering. Aktuelle reglar for grensejustering kjem fram av Matrikkellova og matrikkelforskrifta.

Er du i tvil, ta kontakt.

Grensepåvising

Dersom grensemerke for ei tidlegare oppmålt og koordinatfesta grense er borte, kan du bestille ein ny grensepåvising. 

Ta kontakt med med ein av kontaktpersonane om du ynskjer grensepåvising, gjerne på e-post. Legg gjerne ved kartutsnitt der du har merka av kva for grensepunkt som må påvisast.

Samanføying

Eigedomar som ligg i same kommune og har same eigar kan slåast saman.  Eigedomar som blir samanføyd skal i utgangspunktet utgjere eit samanhengande areal.

Send søknad til kommunen. Skjemaet må vere signert av heimelshavar. Om nokon av matrikkeleiningane har heftingar, må det ordnast opp i desse før sananføying kan skje.

Legg ved kart over dei eigedomane som skal samanføyast.

Sist endra 12.07.2016
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: