Fysioterapi / ergoterapitenesta

Fysioterapi tenesta er ein del av den kommunale helsetenesta. Tenesta arbeider for å betre funksjonsevna hos menneske ved skade eller sjukdom, og skal bidra i det helsefremmande og førebyggjande arbeidet i kommunen.

Nye reglar frå 01.01.18 gjev direkte tilgang til fysioterapeut. Det vil seie at du kan ta kontakt med fysioterapeut utan å bli henvist frå fastlege. Fysioterapeutane samarbeider tett med fastlegane for å sikre tverrfagleg samarbeid.

Frå 01.01.2017 må alle pasientar betale eigenandel for å gå til fysioterapeut, uavhengig av diagnose. Born under 16 år, pasientar med registert yrkesskade og pasientar ved institusjon er fritatt frå eigenandel. Eigenandeler til fysioterapi går under Eigenandelstak 2 og er for 2018 sett til 2025,- kr.

 

Fysioterapitenesta i Naustdal arbeider med:

  • Undersøking og behandling av plager muskel- og skjelett alle aldrar.
  • Fysikalsk avdeling har spesial kompetanse innanfor nevrologi og geriatri ved spesialfysioterapeut, vidare utdanning og kurs innanfor ortopedi, revmatologi, PT og treningsrettleiing frå Norges Idrettshøgskule, kognitiv terapi, coaching og relasjonsleiing.
  • Rehabilitering av nyopererte og akutt skada pasientar.
  • Oppfølging og behandling av eldre og brukarar i open omsorg og på sjukeheimen.
  • Oppfølging og behandling av barn og unge i samarbeid med helsestasjon, skulehelsetenesta og barnehabiliteringa.
  • Hjelpemiddelformidling etter tilmeldt behov frå brukar sjølv, andre instansar i kommunehelsetenesta eller     spesialisthelsetenesta.
  • Kvardagsmeistring.
  • Frisklivssentral: treningsrettleiing,  livsstilsdendring.
  • Gruppetilbod:  
  1. Bassenggrupper i Førde Terapibasseng  for menneske med muskel-skjelettlidingar.
  2. Styrketreningsgruppe for heimebuande eldre kvar tysdag med fokus på styrke, balanse og  bevegelighet.
  3. Styrketrening for eldre knytt til aktitivitetskafeen på Kyrkjelydshuset kvar torsdag.

                      

Fysioterapeutane har tett samarbeid med legetenesta med fast møtedag kvar veke, i tillegg samarbeider vi med dei andre delane av kommunehelsetenesta.

 

Ergoterapi:

Naustdal kommune har tilsett ergoterapeut i 50% prosjektstilling innanfor rehabilitering.

Ergoterapeuten arbeider med:

  • Kvardagsmeistring.
  • Vurdering og oppfølging av rehabiliteringspasientar.
  • Vurdering og oppfølging av hjelpemiddel
  • Bustadkartlegging/bustadtilpassing
  • Velferdsteknologi
  • Handskule; oppfølging og rettleiing ved artroseplager hand


Leiande fysioterapeut er og hjelpemiddelsentralen sin kontaktperson i kommunen.


Kommunen har og avtale med fysioterapeut Ida Rump som tilbyr psykomotorisk fysioterapi, i privat praksis. Tenesta er lokalisert til areal i 2. etasje i bygget til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Tilsette i fysioterapitenesta Telefon
Rita Alværen - Leiande fysioterapeut 57816039 / 40401130
Kristin Fiskaa - fysioterapeut 57816039 / 97525179
Evy Lønne - fysioterapeaut 57816039
Geir Vestrheim (vaktmeister hjelpemiddel) 97543994
Anne Fond - Ergoteraoeut 50% prosjektstilling 96945065
Ida Rump (privat praksis) 57818999
Leiande fysioterapeut
  • Tlf: 57816039
  • E-post: