Forvaltning og stell av kommunale friområde- retningslinje

Naustdal kommune forvaltar fleire friområde rundt om i kommunen.

Denne retningslinja gjeld særskilt for dei kommunale friområda i regulerte byggefelt. Desse byr på utfordringar ved at skog veks til, og det oppstår  behov for tynning og hogst.

Naboar til friområda kan ha ulik meining om korleis områda skal sjå ut (snauhogst/tynning/ ikkje hogst ). Det er viktig at alle partar vert einige om felles mål for friområdet, så langt råd er.

Kommunen har regelmessig fått spørsmål om hogst/rydding  i friområda. Slike spørsmål er blitt avklart ved synfaring  saman med naboar til områda, der ein har kome fram til ei plan for det som skal gjerast.

Altså:

Det viktige er at alle som grensar inn til området kjenner til og er einige om kva som skal gjerast , kven som skal gjere det, og at kommunen som eigar  godkjenner tiltaket.

Har du spørsmål om tiltak i kommunale friområde , ta kontakt med Naustdal kommune v/ fagleiar  Henning Malones, tlf. 5781629, e-post  henning.malones@naustdal.kommune.no

Nærbilete av blåbærlyng i skogen (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

Ansvarleg Henning Malones. Sist endra 12.07.2016
Fagleiar skog og vilt
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: