Energitiltak i bustad

No kan du enkelt finne det beste energitiltaket for din bustad, og sjå kor du har mest å spare. 

Bli din eigen energirådgjevar

Skriv inn adressa di på naustdal.energiportalen.no og få tilgang til ei gratis energianalyse av din bustad. Du legg inn dei opplysningane som er rett for din bustad, til dømes kor mange personar som bur der, kva oppvarmingskjelde de brukar, innetemperaturen med meir. Etter at opplysningane er lagt inn får du fram forbruk for din bustad.

Prøv ut ulike tiltak

Du kan prøve ut ulike energitiltak i bustaden din og finne det energitiltaket som gir mest innsparing og passar best for din bustad. Vidare vert det lista opp dei næraste leverandørane som kan utføre arbeidet med energitiltaket. Handverkarane vert lista opp etter geografisk nærleik til adressa di. Det er ingen kommersiell binding mellom handverkarane og Energiportalen.

Treng du hjelp?

Du kan ringe gratis til Enøktelefon på 47 22 20 76 mellom kl. 09:00–15:00 på kvardagar, eller sende ein e-post til: energiradgiver@entelligens.no om du treng hjelp til å bruke Energiportalen. Dei hjelper deg gjerne!
 

Du kan også sjå eit videoklipp på YouTube om korleis du brukar portalen.


> Les meir om energitiltak i bustad på Enova sine nettsider

Naustdal sentrum i kveldsmørket (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteNaustdal sentrum i kveldsmørket (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Ansvarleg Ørjan Stubhaug. Sist endra 29.05.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Artikkel med kontaktperson (2)
 
 
Login for redigering