Endring av jordbrukseigedom

 

Omdisponering og deling etter jordlova

Jordlova har regler om omdisponering av dyrka jord og om deling av landbrukseiendom. Ei sak om deling skal handsamast både etter jordlova og plan- og bygningslova.

Informasjon, regelverk og rettleiing ved søknad om deling/omdisponering finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Konsesjon for overtaking av fast eigedom

Har du fått skøyte eller kjøpekontrakt på fast eigedom må du i utgangspunktet søkje om konsesjon. Konsesjonslova sin formålsparagraf skal sikre at viktige samfunnsinteresser som landbruket, miljø, utbyggingsgrunn vert ivaretekne ved overtaking av fast eigedom.

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie på grunn av at:

  • kjøpar har odel til eigedomen
  • kjøpar er i nær slekt med seljaren
  • tomta ligg i regulert område eller er godkjend etter plan- og bygningslova
  • eigedomen er bebygd og har mindre enn 25 daa fulldyrka eller overflatedyrka jord eller under 100 daa samla areal.

Sjølv om overdraging er konsesjonsfri, skal kommunen stadfeste opplysningane i skjemaet. 

Gå til søknadsskjema >

Buplikt

Buplikt inntrer ved overtaking av eigedom med bygningar, der fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 dekar eller har meir enn 500 dekar produktiv skog.

Buplikten blir oppfylt ved at kjøpar buset seg på eigedomen innan eitt år etter overtaking, og bur der i minst fem år. Eigedomen skal vere den reelle bustad jf. reglar fastsett i eller i medhald av lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering.

Om kjøpar ikkje ønskjer å busette seg på eigedomen må det søkast om konsesjon. Dette gjeld sjølv om ervervet i utgangspunktet er konsesjonsfritt som følgje av odel eller nært slekt.

Les meir om buplikt på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Ansvarleg Arne Stig Sortevik. Sist endra 12.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fagleiar jordbruk
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Seksjonsleiar landbruk og plan
  • Tlf: 57816125
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering