Deling av grunneigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Ved bortfeste av deler av en eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve.

Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling. 

Søknadsskjema du treng

Søknad om deling.

Nabovarsel.

Kvittering for nabovarsel.

Kart med innteikna parsell og grunngjeving av søknaden må leggast ved. 

Gå til kartportalen for å skrive ut eit kartutsnitt.

Søknaden vert handsama/vurdert etter

Gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2.

Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (Om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avlaup og naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m).

Jordlova §§ 9 og 12. (§ 9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk).

 

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.

Ansvarleg Guttorm Erdal. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering