Byggesak - kva skal du bygge?

Frå 1. juli 2015 vert byggereglane forenkla. Dermed kan du sette i gang ei rekke byggeprosjekt utan å søke. Du kan blant anna sette opp en garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan å be om løyve frå kommunen først.

Du får større fridom til å bygge når reglane vert forenkla, men du får også meir ansvar. Du må sjølv sørge for at det du ynskjer å bygge er i tråd med lovverket.

På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider finn du informasjon og verktøy som kan hjelpe deg til å finne ut om du slepp å søke, eller om du må sende byggesøknad.

Plan- og bygningslova deler tiltak i 3 kategoriar:

§20-1:   Opplisting av tiltak som er omfatta av lova.

§20-2:   Opplisting av tiltak som du kan ha ansvar for sjølv.

§20-3:   Opplisting av tiltak som kan gjennomførast utan søknad.

Byggesaksforskrifta går nærare inn på detaljar og skiljelinjer, og det er utarbeidd rettleiing til byggesaksforskrifta.

 

Lenkene nedanfor gjev deg tilgang på forskrift og rettleiing på same tid, og vi trur du vil finne greitt ut av det meste.

Byggesak-nettsida listar forskriftsreglane i venstre marg, så kjem forskriftsteksten i hovudfeltet, med rettleiing under. Dessverre er materiellet berre på bokmål.

1. Tiltak som kan gjennomførast utan søknad er å finne i kapittel 4. (merk at det er tre underkapittel).

2. Tiltak som må søkjast om, men som du sjølv kan vere ansvarleg for er å finne i kapittel 3 (merk at det er to underkapittel).

3. Tiltak som krev ansvarlege føretak med definerte krav til kompetanse er lista i lova §20-1:

Bruksendring av eksisterande bygg

Byggesakforskrifta kapittel 2 definerer reglar for bruksendring av eksisterande bygg.

Byggesaksforskrifta §6-8 gjev ein spesialregel for sjølvbyggar; om du kan mykje, så kan du søkje om å stå ansvarleg for funksjonar på eigen bustad, sjølv om du ikkje oppfyller nokre formelle krav. Om du tenkjer å nytte deg av denne regelen, så ber vi deg ta kontakt for ei drøfting av kva som kan vere mogleg og tenleg.

Lær meir om spesialregelen i eige avsnitt på Byggesak-nettsida.

Publisert av Harald Eikenes. Sist endra 12.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Seksjonsleiar landbruk og plan
  • Tlf: 57816125
  • Mob:
  • E-post:  
Kommunale dokument (1)
Teneste (1)
 
 
Login for redigering