Sosiale tenester

Naustdal kommune hjelper deg om du er i økonomiske eller sosiale vanskar.

Behov for følgjekort, dør til dør-kort og parkeringskort?

Sjå eigen artikkel for meir informasjon og søknadsskjema.

Støttekontakt

Støttekontakt er eit fritidstilbod med tilpassa aktivitet saman med ein eller fleire.

Tilbodet er gratis og tilpassa dine interesse og behov, og skal bidra til ei meiningsfull fritid saman med andre.

Støttekontakten får løn for å utføre oppdrag i forhold til ein enkelt person eller ei gruppe, nokon gonger i samarbeid med ein frivillig organisasjon.

Du må bu eller opphalde deg i kommunen for å få støttekontakt.

Send skriftleg søknad til NAV Naustdal, Tunavegen 6, 6817 Naustdal. Eller kontakt NAV kontoret i fyrste etasje på kommunehuset, tlf. 55 55 33 33.

Rusmiddelproblem?

Les eigen artikkel om hjelp til deg med utfordringar knytt til rus.

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

Søknad om sosialhjelp må vere skriftleg, og opplysningane i søknaden må vere dokumenterte. Du kan søkje elektronisk, eller kontakte NAV kontoret i fyrste etasje på kommunehuset, tlf. 55 55 33 33. Vi kan også hjelpe deg med å fylle ut søknadsskjemaet.

Bustønad frå Husbanken

Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning for deg som har låg inntekt og høge buutgifter.

NAV Naustdal er bustønadskontoret i Naustdal kommune, ring oss på 55 55 33 33 eller besøk oss i Tunavegen 6 (Kommunehuset).

Kan du få bustønad?

For å søkje må du vere fylt 18 år, ikkje vere student eller avtjene sivilteneste eller førstegongsteneste. Du må vere folkeregistrert på bustaden si adresse den 1. i månaden du søkjer. Les meir på Husbanken sine nettsider.

Søknad til kommunen - utbetaling frå Husbanken

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som handsamar søknaden og har all kontakt med deg som søkjer.

Søknadsfrist er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgande månad. Dersom du får innvilga bustønad, vert søknaden din overført til neste måned. Får du avslag fordi du har for høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Søknad sendast til Naustdal kommune, eller du kjem innom og får hjelp og rettleiing ved utfylling av søknaden. Du kan og søkje elektronisk.

Hent søknadsskjema for bustønad i pdf.

Elektronisk søknad.

Om du meinar noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket. Hugs at du har plikt til å melde frå om det skjer endringar i høve til opplysningar du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er nytta rette opplysningar i vedtaket du får.

>> Husbanken om bustønad.

>> Bustøttekalkulator.

Startlån frå Husbanken

Har du vanskar med å kome deg inn på bustadmarknaden eller å kunne bli buande i bustaden din?

Då kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg.

For å søkje om startlån kan du ta kontakt med kommunalsjef Rolf Kalland, tlf. 57 81 61 21.  Som vil rettleie deg til utfylling av søknadsskjema og innhenting av naudsynte vedlegg.

Sjå Husbanken sin informasjon om Startlån.

Bustadtilskot 

Bustadtilskot kan saman med startlån medvirke til at husstandar med svak økonomi kan skaffe seg og bli buande i nøkterne og godt eigna bustader. Bustadtilskot kan og nyttast til tilpassing i bustad når nokon i husstanden har nedsett funksjonsevne.

For å søkje om bustadtilskot kan du ta kontakt med kommunalsjef Rolf Kalland, tlf. 57 81 61 21.

Sist endra 10.07.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Mottaket
  • Tlf: 55 55 33 33
  • Mob:
  • E-post:  
Kommunalsjef personal/ administrasjon
  • Tlf: 57816121
  • Mob:
  • E-post:  
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Tenester i Naustdal (1)
Lover og forskrifter (2)
Eksterne linkar (1)
 
 
Login for redigering