Parkeringskort for rørslehemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: 

  • parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning

Krav til søkjar

For å søkje om parkeringskort for rørslehemma må du oppfylle følgjande krav:

  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.
  • Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.

Slik søkjer du om parkeringkort 

 

Du må fylle ut eit søknadsskjema, og legen din må fylle ut ein legeerklæring.

 

Søknad, legeerklæring og bilde må leverast eller sendast per post til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.