Har du bustad til flyktningar?

Naustdal kommune ser no spesifikt etter bustad til ein familie frå Syria, to vaksne med tre born. Vi ynskjer bustad med tre eller fleire soverom. Har du eigna bustad til familien? Kontakt oss snarast mogleg!

For å kunne ta i mot flyktningar treng kommunen å leige fleire sentrumsnære bustadar i Naustdal. Bustadane må vere nær sentrum fordi flyktningane vil vere avhengige av å nytte buss til norskopplæring ved Norsksenteret i Førde.

Vi ynskjer å leige alle typar bustader godkjent som eigen bu-eining og heilårsbustad; hyblar, leilegheiter, einebustadar og rekkehus av alminneleg god standard. Naustdal kommune skal busette både einslege personar og familiar og vil difor gjere ei vurdering av kven den aktuelle bustaden passar for. Dei som vert busett får oppfølging i form av opplæring og tilsyn i bustaden av flyktningkonsulenten i kommunen.

For at Naustdal kommune skal lukkast å busette flyktningane treng vi kontinuerleg tilgang på bustader. Om du har husvære til leige ynskjer vi at du tek kontakt for ein uforpliktande samtale.

Med bakgrunn i dagens flyktningkrise vart alle kommunar i landet oppmoda av statsråd Solveig Horne om å gje tilbakemelding om kor mange flyktningar dei kan busette i løpet av 2015 og 2016. Kommunestyret i Naustdal har vedteke å busette 16 flyktningar i 2015 og like mange i 2016.

Eikelia (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteEikelia (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Flyktningkonsulent
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post:  
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: