Busetjing av flyktningar

Etter oppmoding frå Statsråden i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet skal Naustdal kommune ta i mot flyktingar (sjå arkivsak 15/272).

Hilde Gartland er tilsett som flyktningkonsulent frå 1. juli 2015. Ho er 36 år, bur i Naustdal og har tidlegare arbeidd som rådgjevar i NAV Førde og NAV Naustdal.

I vurdering av saka til Kommunestyret i juni skriv rådmannen at det er ei krevjande oppgåve kommunen tek på seg. Vi må på mange felt utvide kapasiteten og tileigne oss kompetanse på integrering. Arbeid med flyktningar og integrering krev langsiktig planlegging og tolmod. For få oppslutnad om integreringsarbeidet i lokalsamfunnet vil kommunen samarbeide med lag- og organisasjonar.

Vi må også være budd på at økonomisk resultat vil svinge avhengig av kor godt integreringsarbeid vi klarer å skape og kva utfordringar vi får. Men Naustdal kommune forutset at statlege mynde stiller ekstraordinære midlar til disposisjon, slik at kommunane kan yte gode nok tenester til flyktningen som skal busetjast.

For å kunne busetje kring 30 flyktingar i  løpet av 2015 og 2016 vil Naustdal kommune mellom anna inngå avtale med norskssenteret i Førde om Norskopplæring/ Introduksjonsprogram, opprette eit tverrfagleg forum for integreringsarbeidet i administrasjonen og utvide kapasitet i skule, helse og barnehage.

Les meir om busetjing av flyktningar på departementet sine nettsider.

Integrerings- og manfoldighetsdirektoratet gjennomfører integreringspolitikken, og ligg under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD).

  Naustdal sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete
Publisert av Hilde Gartland. Ansvarleg Øyvind Bang-Olsen. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Flyktningkonsulent
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Rådmann
  • Tlf: 57816119
  • Mob: 41530111
  • E-post:  
 
 
Login for redigering