Vevring kyrkje

Vevring kyrkja stod ferdig i 1846 og er eldre enn kyrkja i Naustdal.

Vevring kyrkje står fint til på eit høgdedrag med flott utsyn over fjorden og fjellheimen på sørsida av fjorden. 

Kyrkja er ei langkyrkje i tre, og ei av våre enkle, klassiske kyrkjer. Ho var opphavleg bygt utan eige kortilbygg og sakristi. Desse delane vart først bygd kring 100 år seinare. Kyrkja sto ferdig i 1846 og blei vigsla 16 september 1846 av prost J. G. Lund. Arkitekten for kyrkja var Hans D. F. Linstow. Byggmeistrane var Jacob Høyvik og Bendix Johannesen. Kyrkja har 225 sittjeplassar.

Kyrkja har ei klassisk framtoning, enkel i forma med heller små vindauge i skipet. Tårnet er ein romsleg firkant som går i eit frå inngangen i våpenhuset opp til tårnhjelmen. Kyrkja blei bygd i minste lage i forhold til innbyggjartalet i Vevring, men rundt 1900 starta kyrkjetilsynet arbeidet med å utvide bygget. Det tok si tid før arbeidet kom i gang og fyst i 1944 byrja dei.  Då vart blant anna galleriet ombygt for å få plass til orgelet.

På slutten av åttitalet vart det endå ein gong byggeaktivitet i kyrkja. Det vart laga tilbygg på begge sider av tårnfoten, med toalett på sørsida og kjøkken på nordsida. I tilegg vart det sett inn ein vegg bak fremre søylerekke under galleriet og på den måten fekk ein eit møterom i kyrkja.  

Kunst og inventar

Vevring kyrkje husar ei av dei flottaste altertavlene vi har, både når det gjeld utskjeringar, måling og symbolrikdom. Det er eit altarskåp truleg frå kring 1510  og truleg er det laga i Lübeck i Nord -Tyskland. Dette er ei av dei mest særmerkte altertavlene her i fylket, det er også den einaste Maria-tavla frå før-reformatorisk tid som er bevart i ei kyrkje her i fylket.

Preikestolen i tre er frå 1846.

Døypefonten i kyrkja er i tre og frå 1846. Dåpsfatet reknar ein med er frå før 1700. Det vart forsølva i 1938. Dåpsmugge er frå 1938.

Votivskipet er frå 1930-åra og er ein kopi av "Najaden", eit dansknorsk krigsskip med 44 kanoner som vart senka ved Lyngør i 1812. Kopien som heng i kyrkja er laga av ein pasient ved det psykiatriske sjukehuset Neevengården i Bergen. Namnet på modellbyggjaren er ikkje kjent. Ein tilsett ved Neevengården fekk skipet og tok det med seg til Gryta. I 984 gav Dagfinn Kristiansen skipet i gåve til kyrkja.

I kyrkjestova i Vevring kyrkje heng det fire gamle portrettmåleri frå ca. 1680. Når dei kom til Vevring veit ein ikkje, men ved ei synfaring i 1830 var dei i kyrkja. Måleria er av Anders Johannesson Grytten (prest i Holmedal 1655-87) og kona hans Maren Ludvigsdotter Munthe, Karen Andersdotter og Frants Bloch som vart etterfølgjaren i embetet i Holmedal.     

Kyrkjeklokka er frå 1871, med innskrifta: "Lytt til min klang. Jeg kaller dig frå livets kamp til himmerig." 

 

Ynskjer du å lese meir om Vevring kyrkje finn du meir stoff i bøkene:

  • På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane , Band 1: Nordfjord og Sunnfjord
  • Stendal, Olav: Vevring-kyrkjer og kyrkjelyd
Ansvarleg Britt Kringlen. Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Relaterte ressursar

Artikkel (1)
 
 
Login for redigering