Naustdal kyrkje - Sunnfjordkatedralen

Naustdal kyrkje slik ho står i dag blei ferdig i 1891 og blei pussa opp til 100 års jubileet i 1991. Kyrkja ligg i Naustdal sentrum. 

Naustdal kyrkje eller Sunnfjordkatedralen som den også vert kalla er ei langkyrkje i tre. Kyrkja kan minne mykje om ein katedral der ho tronar i sentrum av bygda. Kyrkja sto ferdig i 1891 og blei vigsla 9 september 1891 av biskop Fredrik W. Hvoslef. Arkitekt var Adolf Schirmer og byggmeistrane som hadde ansvaret var Mons N. Skare og Jørgen L. Torsheim.

Det var biskop Per Juvkam som på 1960-talet ga kyrkja tilnamnet Sunnfjordkatedralen.

Kyrkja er stor, innvendig lengde er på nesten 34 meter og breidda er på vel 15 m (skipet). Naustdal kyrkje ser staseleg ut men er samstundes ganske enkel i utforminga. Korpartiet er som mange andre stader bygd i oktogonforma (fem sider av åttekanten). Det er også same forma som er nytta i tårnhalsen, og det uvanlege her er at denne delen av tårnet samstundes har fått gavlar på fire av sidene.

Kyrkja har alltid vært kvit, men innvendig har ho skifta fargar. Først stod ho nokre år umåla, med unnatak av felta mellom dei seks kraftige søylene på kvar sida av midtgangen. Kyrkja vart måla to gonger innvendig før ho til 100 års jubileet fekk dei lyse beige og brune fargane ho har i dag.

Elektrisk straum og toalett

I sjølve kyrkjerommet er ikkje mykje endra sidan kyrkja var ny. Bak i skipet står framleis to av vedomnane som gjorde teneste fram til det vart lagt inn røromnar under benkane i 1967. Men kyrkja fekk lagt inn elektrisk straum allereie i 1923. Då vart det montert elektriske omnar i sakristia og kyrkja fekk elektrisk lys og dei to store lysekronene som heng i kyrkja i dag vart montert. 

I 1973 vart det innreidd toalett i kyrkja i tilknyting til sakristia.

Altertavle og preikestol

Altertavla er eit oljemåleri på lerret og kopi av Carl Bloch si tavle: Christus Consolator( = trøystaren Kristus). Kven som har måla tavla i Naustdal er ukjent. Under tavla er ei plate der det står: Jesus annammer Syndere. Preikestolen i kyrkja er i tre og frå 1891.

Orgel

Dei første 15 åra måtte ein greie seg utan orgel. I 1906 vart det kjøpt eit orgel som hadde stått i Tjøme kyrkje. Dette orgelet gjorde teneste i mange år men var til slutt heilt ubrukeleg grunna slitasje og tørkeskader.  I 1978 fekk kyrkja det orgelet som står det i dag. Dette er eit orgel frå Jemlich Orgelbau med to manualar og 25 stemmer og er eit instrument av høg kvalitet. Prislappen i 1978 var totalt på nærare ein halv million kroner.

Døypefont

Døypefonten er i tre og forma som ein engel som held dåpsfatet. Døypefonten stod i mellomalderkyrkja og ein kjenner ikkje alder eller opphavsmann til den. Fatet som vert brukt i dag er frå 1891 og har inskripsjonen: Hvo, som bliver døbt skal blive salig" (Markus 16,16). Dåpsmugge er frå 1958. I våpenhuset er loket til det gamle dåpsfatet som vart brukt i mellomalderkyrkja stilt ut.  

Krusifiks

I koret, over døra til eine sakristiet, heng eit stort krusifiks frå 1713. Krusifikset vart selt ved ein auksjon i 1890 då gamlekyrkja vart reven. Ein utflytta naustedøl, rektor B.A. Grimeland,  kjøpte det og gav det tilbake til kyrkja.

Kyrkjeklokker

I tårnet heng to kyrkjeklokker. Den største klokka er frå 1702 og har innskrifta : "Anno 1702. Støft i Bergen af Simon Hendrichsen." Den minste er frå 1709, med innskrifta: "Wilhelm Wegvart to Deventer" (Nederland).  I  2006 vart det montert elektrisk ringeapparat til begge kyrkjeklokkene

Biletvev - teppe

I kyrkja heng to biletvevtepper laga av Maren Erland: Noahs ark og Jesus talar frå Peters båt.

Teppa er ei gåve frå bondekvinnelaga i kommunen og gitt i samband med 100-årsjubileet for kyrkja.

Kyrkjeskip

I samband med banken i Naustdal sitt 100-årsjubileum vart det gitt  midlar til å få bygd eit votivskip til opphenging i Naustdal kyrkje. Skipet, kopi av ei Sunnfjordjekt og bygd av Ragnar Kristiansen i Florø, heng mellom dei to store lysekronene i kyrkja. Det kom på plass i 2004.  

Korboge frå gamlekyrkja

Som inngangsport til kyrkjegarden frå sør står korbogen frå gamlekyrkja. Korbogen er i stein og vart flytta hit då steinkyrkja vart riven i 1890. Korbogen er truleg frå rundt år 1180.

Gravplassar

Det høyre to gravplassar til kyrkja, det er Naustdal kyrkjegard og Fredlund gravstad på Byrkjeland.

 

Ynskjer du å lese meir kan du finne stoff i bøkene:

  • På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, Band 1: Nordfjord og Sunnfjord
  • Naustdal kyrkje 1891-1991
Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Relaterte ressursar

Artikkel (1)
 
 
Login for redigering