Mellomalderkyrkja i Naustdal 1180-1890

«Den svartaste dagen i Naustdal si historie» - vart det sagt den dagen rivinga av mellomalderkyrkja I Naustdal tok til.   

I Naustdal stod det ei steinkyrkje bygd i 1180. Kyrkja vart reven i 1890 for å gje plass til kyrkja som står i bygda i dag.

Det er mulig at mellomalderkyrkja i Naustdal vart bygd "etter kongebod", i samsvar med  kongeleg forordning frå tidleg i kristningssoga for landet vårt og under fagleg leiing frå kyrkjeleg hald. Kyrkja hadde og rang som fylkeskyrkje.

Den eldste delen av kyrkja var 12 x 9m utvendig og koret 6 x 6m. På eit seinare tidspunkt vart kyrka forlenga mot aust, og måla som er oppgjevne frå synfaringa i 1686 viser at kyrkja var nesten 30m lang og 13m brei.

Innvendig skal kyrkja ha vore rikt utsmykka med treskjering og rosemåling. Dei massive veggane var kvitkalka. Kordelen var bygd noko lågare enn sjølve skipet. Talet på sitjeplassar var rundt 360 og desse fordelte seg på 14 benkeradar på begge sider av midtgangen og oppe på galleriet. Galleriet dekte ikkje berre vestveggen, men var i tillegg bygt fram langs heile nordveggen. Bogane over dører og vindauge vart hogd i kleberstein og det same var dei utvendige hjørna. Inne i kyrkjerommet var sjølve korbogen forma i kleberstein. Den står i dag som inngangsport i sør til kyrkjegarden.

Over korbogen  hang eit krusifiks med årstalet 1713. Krusifikset vart selt på auksjon i 1890 då gamlekyrkja vart riven. B.A. Grimeland, ein utflytta naustedøl, kjøpte det tilbake og gav det til kyrkja. Krusifikset heng på korveggen over døra til prestesakristiet i kyrkja i dag. Døypefonten i mellomalderkyrkja var forma som ein engel som held dåpsfatet. Dåpsfatet som vart brukt hadde lok og begge deler vart seld på auksjon i 1890. Loket er kome attende og er utstilt i ein monter i våpenhuset. Døypefonten er i bruk kyrkja i dag, men med nytt fat og ny dåpsmugge.  

Altertavla og preikestol med himling frå gamlekyrkja forsvann også i 1890. Lenge trudde ein at desse kunstskattane var tapt. Men så viser det seg at begge deler ligg på Bergen Museum og har vore der sidan 1896. Altertavla er skoren i 1675 og måla av Caspar Skildrer i 1681-82. Tavla er laga i to høgder der det sentrale motivet i nedste høgda er korsfestinga med Maria og Johannes på kvar side. Preikestolen er i same stil som tavla. Den er laga i 1671 og måla samtidig med tavla.  

 

Ynskjer du å lese meir om Mellomalderkyrkja kan du finne stoff her:

  • På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, Band 1:Nordfjord og Sunnfjord
  • Sogeskrift for Naustdal 1997
  • Sogeskrift for Naustdal 2007 - Mellomalderkyrkja i Naustdal 1180-1890
Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Relaterte ressursar

Artikkel (1)
 
 
Login for redigering