Kulturkommunen Naustdal – eit tilbakeblikk

Teksten er basert på heftet Natur og kultur i Naustdal (1995), Bygdeboka (band 3, allmennsoge, 1999) og artiklar skrivne av Harald Jarl Runde. Føremålet er å gje eit hovudinntrykk av kulturutviklinga i Naustdal, ikkje å skildre heile soga.

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 08.07.2015 av Ann Lisbeth Lesto

Dei første naustedølingane

I 1990 vart det funne spor etter dei første naustedølingane på Engebø i form av teikn på busetjing frå slutten steinalderen og byrjinga av bronsealderen. I same området har ein i seinare utgravingar funne restar av ein buplass frå eldre steinalder, ca. 4000 år f.Kr, og yngre steinalder, 2400 år f.Kr.

I Vevring er det kjend tre gravrøyser frå førhistorisk tid nord for Horneneset, og søraust for kyrkja, på sørsida av fylkesveg 611, finn ein busetnad og aktivitetsområde frå steinalder. På Gardsbøen i Naustdal er mellom anna eit båtstøanlegg funne i spor etter ei større nausttuft datert til folkevandringstid (400-600 e. Kr.). Også spor etter busetnad og ulik bruk over 2000 år frå tidleg bronsealder til merovingertid er avdekka.

Kring år 1300 budde ei ætt på sjølve garden Naustdal som tilhøyrde topparistokratiet i Noreg: Eilivane. Grunnlaget for politisk makt i den tida var ætt og jordegods og ein fann Eilivane i kongens råd. Ætta hadde ein god del av jordegodset sitt i heimbygda, og mange av naustedølingane må ha vore leiglendingar under Eilivane.

To tettstadar

Naustdal sentrum vert i bygdeboka skildra som ein tettstad, ein samlingsstad. Slik har det nok alltid vore. Her var ein naturleg samlingsstad for folk langs fjorden, og det var her dalingane måtte i båt med folk og varer om dei skulle reise ut. Her kom kyrkje og staden utvikla seg som tettstad på grunnlag av handel og mange slags tenesteytande tiltak.

Friishuset var hovudhuset i handelsstaden Naustdal.

I Vevring har Thingneset truleg vore eit senter i kring tusen år, først som hovdingsete (kring år 900) og sidan som gjestegjevarstad, handelsstad, skipsekspedisjon og sete for kommunestyre og sorenskrivar. Haugianar-rørsla var sterkt knytt til garden, og Hans Nielsen hauge vitja Thingnes i 1803.

Naustdal skilde lag med Førde alt i 1896. Grensene som Naustdal no har er frå 1. januar 1964 då delar av gamle Vevring kommune vart ein del av Naustdal.

Jordbruk og næring

Naustdal kommune har i alle tider vore ei jordbrukskommune, med fiske som ei viktig attåtnæring. Kommunen har også hatt industri, mellom anna ein trevarefabrikk, ein sementvarefabrikk og fleire bakeri. Av anna næring kan ein nemne forlagsdrift og nynorsk bokhandel i Naustdal før 1900.

Lag og organisasjonar

Under andre verdskrigen blomstra lagsarbeidet opp. Samhald var naudsynt i denne tida og fellesskapen i lagsarbeidet gjorde at bygdefolk stod saman. Då krigen var slutt vart fellesskapen svakare, men med folketalsauken i 1970- og 1980-åra tok lagsarbeidet seg  opp igjen. Aldri har det vorte skipa så mange lag som dei to tiåra. Medan det før var lag med langetradisjonar eller med ideologisk tilsnitt som dominerte vart det no skipa mege interesselag, både innan jordbruk, arbeidsliv og i kulturlivet. Også grendalaga kom til.

Idrettsmiljøet har vore godt i kommunen sidan før krigen og ein viktig del av kulturlivet. I 1949 samla alle idrettsinteresserte seg i Tambarkjelvar idrettslag. Skisport, friidrett, fotball, vektlyfting og volleyball er sentrale idrettsgreiner i laget.

Tidlegare var barna sine aktivitetar i stor grad knytt til livet og arbeidet på garden. Etter kvart som maskinene overtok store delar av arbeidet vart det mindre behov for arbeidskrafta barna representerte, samstundes vart det fleire og fleire barn som ikkje vaks opp på gard. Dette skapte eit fritidssamfunn for barna og fleire fritidsaktivitetar kom til, særleg frå slutten av 1970-talet: idrettsgrupper, kor, 4H-klubbar, fritidsklubbar, kulturskule m.m. Barna har i dag så mange tilbod å velje i at det dels har blitt konkurranse om barna si fritid.

Musikk og handverkstradisjonar

Folkemusikken vart tidlegare driven på uformell basis som ein naturleg del av både kvardagen og høgtidene, og fleire einskildpersonar har hatt mykje å seie for folkemusikken som er levande i Naustdal i dag. Den første kjende spelemannen er Jostein Olavson Kløppstølen (f.1748), seinare har Jakob Slettemark (f.1844), Asbjørn Sunde (f.1900) og Einar Bakkane (f.1907) vore viktige.

I dag er det Naustedalen spelemannslag som står for vidareføring av ein rik folkemusikktradisjon og dei gamle bygdedansane. Laget vart skipa i 1953/54.

Korsong har også vore ein viktig del av kulturlivet i Naustdal gjennom dei siste 100 åra. Særleg kring 1900 til 1950 var det ein blomstringstid, då var det kring førti aktive kor i kommunen. Naustdal songlag vart skipa i 1890 er framleis aktivt og i 2015 jubilerer laget med 125 år.

Handverks- og handarbeidstradisjonar vert i dag halde i hevd ut i frå einskildpersonar si eiga interesse. Nokre tradisjonar freistar ein å ta vare på med kurs. Naustdal har mange dyktige handverkarar på fleire område både innan tradisjonelle teknikkar og meir moderne.

Eit rikt kulturliv

Fleire personar frå Naustdal kommune har spela ei rolle i det nasjonale kulturlivet, og i høve til folketalet er truleg fleire frå denne vesle kommunen som har utmerka seg samanlikna med andre kommunar i regionen.

Medan det i nabokommunane Førde og Jølster mest berre er folk frå embetsklassen som har blitt kjende kulturarbeidarar, er eit særtrekk ved personane frå Naustdal at dei er barn av vanlege bønder og småbrukarar i bygda. Dette kan komme av ei underliggjande interesse for kulturelt arbeid som har lange tradisjonar i kommunen.

Dikting og diktarar frå Naustdal

Folk i Vevring og Naustdal har vore, og er, eit skrivande folkeferd. Det tok til med den religiøse og djupgripande vekkinga og mektige åndsrørsla med hovudtyngd i Vevring og Bru frå 1830-åra. Det andre er dei radikale og framstormande ungdomane i Naustedalen kring 1900. Dei fyrste avla skrivande emissærar, prestar og misjonærar; forfattarar, lyrikarar og salmediktarar. Dei andre var engasjerte i skyttarlag, ungdomslag og mållag og vart målmenn, bladmenn og forleggjarar. Kvinnene var tilstades, men med få unnatak lite synlege i det litterære rom.

Ikkje minst viktig var ungdoms- og amtsskulane frå slutten av 1800-talet. Skulane verka som ein katalysator for slumrande og sovande kulturkrefter hjå dei som var unge då. Sunnfjord Ungdomsskule som kom i gang i 1902 (Dei fyrste åra i Naustdal før skulen vart flytta til Førde), var avgjerande og inspirerande for båe retningane. Sameleis lærarane i bygda, som engasjerte seg i avhalds- og losjearbeid, ungdomsforeiningar og ungdomslag, mållag, skyttar- og idrettslag.

I arbeidet med antologien Her er så fagert ved høge lid kartla Naustdal Sogelag kring 100 namn. «Ein diktar frå Naustdal» vert i denne samanhengen definert som ein som anten er fødd, er oppvaksen eller har budd i Naustdal over fleire år og publisert minst ein skjønnlitterær tekst. Oversikta omfattar Naustdal og Vevring frå før kommunegrensene vart endra i 1964.

Nokre forfattarar og skribentar med røter i Naustdal kommune er Asbjørn Slettemark, Lidvald Stubhaug, Arnfinn Bruflot, Eldrid Lunden, Kåre Lunden, Nils Slettemark og Arild Stubhaug.

Kunstnarar og kunstformidling

Lokalt har biletkunstnar  Johan Indrekvam (1900-1993) sin kunst forma mange personar sitt syn på og forhold til kunst. Indrekvar var gardbrukar på Indrekvam, og med sine fargerike naturbilete frå ulike stadar i Naustdal festa han landskapet i kommunen til lerretet. I unge år var Indrekvam elev hjå Nikolai Astrup.

Målar, teiknar, grafikar, lyrikar og musikar Oddvar Torsheim (f.1938) debuterte med teikningar og måleri på utedoen i Naustdal sentrum og fekk seinare utdanning både frå Bergen og København. Torsheim er mest kjend for sine oljemåleri, akvarellar, teikningar og sin grafikk der han latterleggjer han fordommar og vanetenking med surrealistisk fantasi og samfunnskritisk tendens. Ofte med ramsalte kommentarar til dagsaktuelle tema. Torsheim har også gitt ut fleire diktsamlingar med eigne illustrasjonar, og han er ein aktiv musikar med CD-ane Nynorskens skog (1992) og Tur-Retur Blues (2000), og i samarbeidet med dottera Jorunn Torsheim. Oddvar Torsheim er representert i Museet for samtidskunst i Oslo.

Kjartan Slettemark vart fødd 6. august 1932 i Naustdal og gjekk bort 13. desember 2008 i Stockholm. Sidan 1960-åra har Slettemark vore ein av dei største samtidskunstanarane i Norden. Les meir om Slettemark i kapittel 7.2 Samtidskunst i Naustdal kommune.

I boka Susanna frå Sunnfjord (1991) skiv kunstkritikar Harald Flor om duoen frå Naustdal: «I det internasjonale mylderet på Charlottenborg stilte for øvrig Torsheim ut for første gang saman med den utflyttete sambygdingen Kjartan Slettemark. På svensk grunn hadde popkunsten gjort et tilsvarende inntrykk på Sunnfjord-kollegaen, og i Slettemarks gjennombrutte «hjerner» i plast og Torsheims mekaniske robot-djevler fins noe av den samme ubendige formuleringslysten. Utan denne duoen fra Naustdal ville nyere norsk kunsthistorie vært mer fargeløs.»

I likskap med Slettemark og Torsheim har keramikar Svein Thingnes frå Vevring markert seg som kunstnar både i og utanfor Noreg dei siste 40 åra. Kunstnaren bur i kommunen, men har likevel vore relativt ukjend for mange av innbyggjarane.

«Svein Thingnes har heile tida vore i fronten og vert omtala som ein nyskapar innan norsk og nordisk keramikk. Såleis har han også heile tida vore ei kjelde til inspirasjon og eit førebilete for fleire generasjonar av yngre keramikarar» (Bull, Knut A. 2010 Svein Thingnes. Keramikk 1970 - 2010).

Svein Thingnes runda 70 år hausten 2010 og vart feira med ei retrospektiv utstilling på Kunstmuseet i Førde. Utstillinga vart til i samarbeid med Nordenfjeldske kunstindustrimuseum i Trondheim der utstillinga opna i april 2011.

«Frå ein liten plass lengst ute i Førdefjorden har Svein Thingnes latt seg inspirere av internasjonale straumdrag og markert seg som ein framifrå eksponent for eksperimentell keramikk her heime og på nordiske breiddegrader» skriv direktørane for dei to musea i føreordet til utstillingskatalogen.

Fleire andre kunstnarar bør nemnast: Vidar Koksvik, Sarah Thingnes, Marit Thingnes, Frøydis Årseth og Audgunn Naustdal Holsen.

Vevringutstillinga har vore kalla eit sosiologisk femnomen. I 1978 vart nokre kunstnarar invitert til Vevring for å stille ut, i eit vanleg norsk skulehus mot alle tradisjonar for kunstutstillingar. Sidan har det vore kunstutstilling i Vevring kvart år i september. Kunstnarane kjem frå Noreg og andre land. Kunsten har provosert og den har gjeve meirsmak.

Utstillinga er ei oppleving, kunsten og ramma kring som bygdefolket skapar saman, som trekk eit stort publikum frå Naustdal, regionen, landet og Norden kvar haust.

Med bakgrunn i fleire tidlegare utstillingar og arrangement vart SlettemarkART etablert som kunstfestival i 2009. Naustdalsamfunnet har nærma seg Kjartan Slettemark sin kunst gjennom fleire år. Kunstnaren var på vitjing i bygda alt tidleg på 1980-talet og han hadde utstilling i Førde på slutten av 1970-talet. Han hadde si første separatutstilling i Naustdal i samband med Bygdedagane i 1994. Det var den gongen Budeia kom til Naustdal som gåve til Instedalen krins. Og i 2002 var det ei storstila feiring av 70-årsdagen hans i Instedalen. Dette vart til i eit samarbeid mellom grenda, kommunen og kunstvener.

I 2007 vart av 75-årsdagen til Kjartan Slettemark feira i heile kommunen under festivalen KjaARTan i ´75, denne gongen med avdukinga av byggesteg ein av storskulpturen Budeie med Kjartanroser.

På 1990-talet var det ei utstilling i regi av kyrkja der bilete av Oddvar Torsheim med religiøse motiv vart vist på Kyrkjelydshuset. Og i 2008 var det ei storstila markering av Torsheim sin 70-årsdag i kommunen.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering