Vidar Koksvik

Vidar Koksvik - Klikk for stort bilete

Vidar Koksvik vart fødd  i 1969. Han er ein anerkjend glaskunstnar frå Naustdal.

 

I 2002 starta Koksvik verksemda Klart saman med kona Kari Håkonsen som også er glaskunstnar. I verkstaden arbeider dei med glas i eit bredt spekter av teknikkar. Alt frå unikt/skulpturelt kunstglas og glas for utsmykking til firmagåver og funksjonelle bruksgjenstandar som vinglass, skåler og vasar vert laga.

Vidar har hatt separatutstillingar fleire stadar i landet mellom anna i Bergen, Troms og Sogn og Fjordane. Han har også hatt utstillingar i Sverige og England.

I tillegg til utdanning og arbeidserfaring har Koksvik også fått ein god del stipend:

  • Hedemark fylkeskommune sitt 2-årige arbeidsstipend i 2005
  • Statens arbeidsstipend for unge kunstnere, 3 år
  • Utstyrstøtte frå Norsk kulturråd
  • Debutantstøtte frå Norsk kulturråd
  • Vevring-stipendet 1998

Han har også fått ein del prisar, bl.a. Norsk forms pris for unge formgivere 2002 og Scheiblers legats talentpris 2004.