Svein Thingnes

Svein Thingnes (allkunne.no) - Klikk for stort bilete allkunne.no  
 

I likskap med Slettemark og Torsheim har keramikar Svein Thingnes frå Vevring markert seg som kunstnar både i og utanfor Noreg dei siste 40 åra. Kunstnaren bur i kommunen, men har likevel vore relativt ukjend for mange av innbyggjarane.

«Svein Thingnes har heile tida vore i fronten og vert omtala som ein nyskapar innan norsk og nordisk keramikk. Såleis har han også heile tida vore ei kjelde til inspirasjon og eit førebilete for fleire generasjonar av yngre keramikarar» (Bull, Knut A. 2010 Svein Thingnes. Keramikk 1970 - 2010).

Svein Thingnes runda 70 år hausten 2010 og vart feira med ei retrospektiv utstilling på Kunstmuseet i Førde. Utstillinga vart til i samarbeid med Nordenfjeldske kunstindustrimuseum i Trondheim der utstillinga opna i april 2011.

«Frå ein liten plass lengst ute i Førdefjorden har Svein Thingnes latt seg inspirere av internasjonale straumdrag og markert seg som ein framifrå eksponent for eksperimentell keramikk her heime og på nordiske breiddegrader» skriv direktørane for dei to musea i føreordet til utstillingskatalogen.

 

Musefelle (1999) - Klikk for stort bileteMusefelle (1999) Øystein Klagegg

Sist endra 09.11.2015