Oddvar Torsheim

Naustdalsprisen 2009 - Klikk for stort bilete

Oddvar Torsheim er noko så uvanleg som ein popkunstnar frå Vestlandet. Opp gjennom åra har han i bilete, tekst og musikk fått fram ei skare med tvetydige vesen som blånasa vestlendingar i klemme mellom spritflaska og kyrkjespiret, sexfikserte teologar, skumle englar, triste hundar med knute på midten og frodige nettingstrømpe damer.

 

Oddvar Torsheim fødd i Bergen 02.11.1938

Oddvar er son til skulemeister og klokkar Hermann Johan Torsheim og lærar Jenny Pauline Høvik.

Oddvar var nr 2 i ein barneflokk på 3.

Han budde dei første barneåra på Rovde på Sunnmøre

Oddvar flytte som 9 åring til Naustdal.

Utdanninga si fekk han frå Kunsthåndverkskolen i Bergen og Akademiet for Skønne Kunster i København.

Torsheimen fekk sterke kunstnariske inpulsar i Danmark, der han for første gong fekk sjå ei utstilling med amerikansk popkunst.

Han har sidan sjølv brukt popkunstens krasse fargar og teikneserieliknande biletspråk til å skildre den norske kvardagen.

I 1963 debuterte han på Vestlandsutstillinga og Statens Høstutstilling

Han flytte til Sunnfjord og Førde i 1970.

Den politiske brytninga i tida sette eit sterkt preg på kunsten hans. Eu- debatt, kvinnekamp, ureining kaåpitalisme og kald krigs-paranoia var nokre tema han tok føre seg dei neste par tiåra.

Gift i 1972 med lærar Magnhild Arnstein ( ekteskapet er oppløyst)

Oddvar er noko så uvanleg som ein popkunstnar frå vestlandet.

Ingen går fri ironien og humoren hans.

I teikningar frå 1970-åra med spydige undertekstar kryr det av mjuke menn og andre einfaldige, venstrevridde sjeler - ofte berande på plakater med slagord som "NATO ut av noko!"

Sidan 1990-åra er han nesten like kjend for musikken sin som for biletkunsten, etter han gav ut to særeigne platar inspirerte av Beatels og Bob Dylan.

I 1992 gav han ut CD-en Nynorsken skog saman med Gloppen jentekor.

I 2000 gav han ut ein CD i lag med dottera Jorunn Torsheim.

I bilete, musikk og tekst har Oddvar Torsheim avslørt menneskeleg dårskap, men aldri utan kjærleik.

I 2003 laga Stig Eikaas statue av Oddvar Torsheim, statuen står i "byparken" i Førde.

I 2007 fekk han Målprisen for Sogn og Fjordane

Han fekk også fylkes kulturprisen i 2007

I dag har kunstnaren Oddvar Torsheim for lengst blitt allemannseige og vestnorsk ikon.

Han fekk Naustdalsprisen for 2009.

I november 2013 vart skulpturen "Kyra" av Geir Hjetland reist på Sanden i Naustdal, som ei folkegåve til Torsheim frå bygdefolk og andre.