Kjartan Slettemark

Kjartan Slettemark  - Klikk for stort bilete

Slettemark blir rekna som ein av dei viktigaste norske kunstnarane i etterkrigstida. Materialbiletet "Rapport fra Vietnam" er rekna som eit av dei viktigaste i norsk kunst etter Muchs tid.

Kjartan Slettemark var fødd i Naustdal 06.08.1932.

 

Kjartan var son til gardbrukar Jakob Slettemark og Brita Eimhjellen.

Kjartan voks opp i Naustdal som den yngste av fire sysken.

Han begynte på privat målarskule i Oslo tidleg i 1950 -åra .

Kjartan hospiterte på Statens Håndverks -og Kunstakademi frå 1956 til 1959, då blei han tatt opp ved Statens Kunstakademi.

I 1960-1962 fylgde han undervisninga ved Gerlesborgsskolan i Stockholm. Han fann seg ikkje til rette her og flytta etter eit år til eit atelier på Skeppsholmen med Erlan Melanton som lærar.

I 1965 kom han på den offentlege kunstscena i Noreg og skapte den store billedstormen med ein plastcollage om Vietnam krigen.

I 1964 tok Kjartan eit kurs i plastteknikk noko som prega kunsten hans i hans vidare virke.

Dei trudde i 60 åra at plast ville erstatte alt frå tre til tekstil. Kjartan tok konsekvensen av dette og laga alt frå steikte plast egg til å støype seg sjølv i plast og pakka seg inn i plastfolie.

I 1966 blei Kjartan Slettemark svensk statsborgar.

Det største prosjektet han hadde i 1970 årene som har strekt seg heilt inn i 2000-talet er Nixon Visions.

Då Slettemark var sosialklient , blei han på grunn av ein skrive feil sendt til hundemottaket , då han skulle vært sendt til kundemottaket på arbeidsformidlinga. Det var då han fekk ideen til hundeperformance.

I slutten av 1970 åra tok han i bruk video i kunsten sin.

Då Kjartan fylde 50 i 1982 viste han ein retrospektiv utstilling i Trondheim og Oslo, og no oppnådde han å bli offisielt godtatt som kunstnar også i Noreg.

I 1988 mottok han Stockholm stads heiderspris.

I 1994 kjøpte Naustdal kommune Kjartan Slettemarks "Altertavla" den heng no i Naustdal kommunehus. Han hadde også ei kunstutstilling i Gamlemeieriet kor "Altertavla" var ein del av utstillinga.

Han donerte også kunst både til Instedalen skule og til sjukeheimen i Naustdal.

I 2001 fekk han Norsk kulturråds ærespris på 250 000 kroner.

I 2002 fylte Kjartan 70 år og blei heidra med fest i sin heimlege skulekrins med stort selskap i Instedalen skule og utstilling av hans "Bodies".

I 2003 fekk han Höckers pris frå Kungl. Akademin för de fria Konsterna.

I 2007 fylte Kjartan Slettemark 75 år i samanheng med dagen han blei det på Sanden i Naustdal reist ei fem meter høg "Budeie"- statue.

13.12 2008 døyde Kjartan Slettemark. Han hadde vore sjuk dei siste månadene før han dø.

Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering