Johan Indrekvam

Johan Indrekvam - Klikk for stort bilete Siv Indrekvam Gustavsen

Johan var født 1900 og døde i 1993 nær 93 år gamal. Han var gift i 1952 med Alma Espeset frå Florø. Dei fekk to born. 

Han var gardbrukar og ved sida av bruket måla han. Johan var ein dugande kunstmålar.

Alma og Johan Indrekvam - Klikk for stort bilete Siv Indrekvam Gustavsen

Johan Indrekvam var biledkunstnar, som saman med Malvin Berquam frå Førde og Toralv Flatjord frå Jølster vert rekna som "Astrup-elevar" fordi dei fekk undervisning av Nikolai Astrup.  Han likte seg best i naturen, det var der han fekk inspirasjon. Johan Indrekvam skal ein gong ha sagt: "Moder Natur og Nikolai Astrup lærde meg og male." Johan Indrekvam er m.a. kjend for sine fargerike måleri med fjellmotiv frå Naustedalen. Han skildra gjennom måleria og teikningane sine naustdalsnaturen på ein måte som naustedølingane sette stor pris på. Johan måla og teikna heilt frå unge år. Han var med på kollektive utstillingar og hadde separat utstillingar.

Johan Indrekvam har måla fleire tusen bilete i løpet av dei 90 åra han levde. Han var nok mest aktiv i 70-åra.

Når synet begynte å bli dårlegare kom ein del måleri med sterkare fargar, men etter kvart gjekk han over til å lage blyant-teikningar. Dei åra han var på aldersheimen produserte han mange slike.

Johan Indrekvam er representert med bilete i mange stover i Naustdal.