Frøydis Aarseth

Frøydis Aarseth - Klikk for stort bilete

 

Frøydis Aarseth er født 23. september 1986 i Vevring i Naustdal kommune. Ho vaks opp med nær tilknyting til Vevringutstillinga.

 

"Mr. Priklopil kjem." - Klikk for stort bilete"Mr. Priklopil kjem."

Frøydis har alltid visst kva ho ville her i livet og det var å kunne leve av skaparyrket - klassisk målar. Ikkje berre det å måle måleri som er fine å sjå på, men også måleri med ei djupare meining som kan gripe sjåarane.

Frøydis er veldig samfunnsengasjert og har mellom anna måla biletet "Mr Priklopil kjem" som handlar om Natascha Kampush saka i Austerrike. Ho vart kidnappa av Mr. Wolfgang Priklopil 10 år gammal, og innesperra i 8 år. Dei fyste månadane av fangenskapet tilbrakte ho i ei celle i kjellaren hans. Det einaste lyset ho såg var når Mr.Priklopil opna den store metalldøra og lyset frå gangen blenda auga hennar.

Silje Undal (også frå Naustdal) har laga ein dokumentar om Frøydis Aarseth som kan sjåast på NRK Sogn og Fjordane si nettside.

Utdanning:

August 2002 - Juni 2005 : Mo og Jølster Vidaregåande skule,Teikning, form og farge med studiekompetanse .

Oktober 2006 - Juni 2009 :The Florence Academy of Art i Firenze, Italia og i Gøteborg, Sverige

Frå Juli 2010:  elev hos Odd Nerdrum i Stavern.

Utstillingar:

September 2008: salsutstilling i Førdehuset's Utstillingssal

November 2008: Gruppeutstilling utvalte elevar og lærarar av Florence Academy i Galleri Scandinavia i Gøteborg

September 2009: salsutstilling i Førdehuset's Utstillingssal

Oktober 2009: utstilling hos Rammeriet, galleri og rammer i Førde

November 2009: hadde Frøydis utstilt 3 bilder i Galleri Nygaten i Bergen.

Sunnfjord kunstlag januar/februar 2010

Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering