Kunstnarar frå Naustdal

Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Svein Thingnes har vore retningsgjevande for kunstnarar i Noreg og utover landets grenser. Her presenterer vi dei og andre kunstnarar frå kommunen vår.

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 09.11.2015
Publisert 09.11.2015
Frøydis Aarseth

 

Frøydis Aarseth er født 23. september 1986 i Vevring i Naustdal kommune. Ho vaks opp med nær tilknyting til Vevringutstillinga.

 

Publisert 09.11.2015
Johan Indrekvam 2

Johan var født 1900 og døde i 1993 nær 93 år gamal. Han var gift i 1952 med Alma Espeset frå Florø. Dei fekk to born. 

Han var gardbrukar og ved sida av bruket måla han. Johan var ein dugande kunstmålar.

Publisert 09.11.2015
Kjartan Slettemark

Slettemark blir rekna som ein av dei viktigaste norske kunstnarane i etterkrigstida. Materialbiletet "Rapport fra Vietnam" er rekna som eit av dei viktigaste i norsk kunst etter Muchs tid.

Kjartan Slettemark var fødd i Naustdal 06.08.1932.

 

Publisert 09.11.2015
Naustdalsprisen 2009

Oddvar Torsheim er noko så uvanleg som ein popkunstnar frå Vestlandet. Opp gjennom åra har han i bilete, tekst og musikk fått fram ei skare med tvetydige vesen som blånasa vestlendingar i klemme mellom spritflaska og kyrkjespiret, sexfikserte teologar, skumle englar, triste hundar med knute på midten og frodige nettingstrømpe damer.

 

Publisert 02.11.2015
Sarah Thingnes

Sarah Thingnes fødd 1937 i New York, busett i Vevring. Biletkunstnar. Utdanna ved kunstakademi i Noreg og Amsterdam. 

Publisert 02.11.2015
Musefelle (1999) av Svein Thingnes
 
 

I likskap med Slettemark og Torsheim har keramikar Svein Thingnes frå Vevring markert seg som kunstnar både i og utanfor Noreg dei siste 40 åra. Kunstnaren bur i kommunen, men har likevel vore relativt ukjend for mange av innbyggjarane.

Publisert 09.11.2015
Vidar Koksvik

Vidar Koksvik vart fødd  i 1969. Han er ein anerkjend glaskunstnar frå Naustdal.