Lidvald Stubhaug

Lidvald Stubhaug 1940 - Klikk for stort bilete

Lidvald vart fødd 15 januar 1919 på garden Stehoggane i Naustdal i Sunnfjord. Han vaks opp i ein sysken flokk på åtte. Lidvald sovna stille inn i Fitjar 19. november 2012.

Lidvald Stubhaug - Klikk for stort bilete

Skulegang

Han byrja på Horstad skule våren 1926. Det var ein 3-delt skule med ein lærar 2 dagar for veka. På den tida skulle ein helst ha lært å lesa før ein byrja i skulen.

I 1930 åra var det ikkje lett for bygdeungdomen å koma seg på skule for å få vidare utdanning. Lidvald var flink på skulen og folkeskulelæraren hans hjelpte han slik at han skulle kome seg vidare.  Siste året i i folkeskulen fekk han ei bok i aritmetikk og fekk rettleiing slik at han kom i gang med bokstavrekning. Etter at Lidvald var konfirmert hausten 1933, bad læraren han heim til seg og underviste han i tysk og  engelsk. I 1936 byrja han på Voss landsgymnas. Etter dette tok han til på lærarskulen i Levanger og var der til krigsutbrotet i 1940 då han tok lærareksamen.

Arbeidslivet og heimen

Hausten 1940 fekk han eit lærarvikariat på Skei i Jølster. Etter nyttår 1941 vart han tilsett i eit 3 månaders framhalsskulekurs i Verma i Romsdalen. Der må dei ha vore tidleg ute med dette då lov om framhalsskulen ikkje kom før i 1946. Frå midten av mai 1941 og resten av skuleåret var han lærarvikar i Leirvik i  Ytre Sogn. Etter at skulen var slutt det året gjekk han på bibliotek-kurs i Vadheim.

Sommaren 1941 hamna han i Bergen kretsfengsel her sat han i 3 veker. Han kom i krigsretten fordi tyskarane meinte han hadde drive med anti-tysk propaganda i skulen. Dei hadde sunge "Dette landet Håkon verget" og "Kongesongen."

Han blei dømd til to månaders tukthus og blei førd til Ulven konsentrasjonsleir utanfor Bergen. Han fekk sleppe ut etter ein månad.

Han hadde søkt fleire lærarpostar og då han kom heim til Naustdal etter å ha vore i konsentrasjonsleir, låg  det melding frå Vevring skulestyre at han var tilsett som lærar i Redal og Gjøringebø krinsar. Løna her var 60 kr for veka for 36 undervisningstimar.

Hausten 1943 møtte han Borghild i Florø. Ho vart seinare kona hans. I 1944 sette dei ringer på seg og 16 august 1945 gifta dei seg.

Året etter blei den fyste sonen født. 22 august 1946. Guten fekk namnet Magn Jarl.

Han såg etter ny lærarpost og fekk jobb ved Rimbareid skule i Fitjar. Dit flytte dei i mars 1949.  Stillinga i Fitjar var ein   lærar og klokkar post. Dei budde på klokkargarden og dreiv den.

I 1952 blei Lidvald valt til lærarane sin representant i skulestyret og deretter til skulestyreformann. Han var også formann i folkebiblioteket og i eksamensnemnda for folke og framhaldsskulen..

I 1953 fekk han stillinga som skuleinspektør i Fitjar. Denne stillinga hadde han til 1986.

Han og kona hadde no fått 5 born, 4 gutar og ei jente. I 1958 fekk dei ei dotter til.

I 1960 var det ledig ei skulesjef stilling i Førde, han søkte på den men fekk den ikkje. Då bestemte dei seg for å byggje hus i Fitjar.

Jula 1961 stod huset ferdig og dei kunne flytte inn. I 1964 kom ei dotter til. Den siste i ein stor barne flokk.

Bokutgjeving

I 1930 åra gav Hans Aarnes ut "Nynorsk Vikeblad". Lidvald sende eventyr og forteljingar som han hadde skrevet til dei, men han fekk dei i retur.  Hans Aarnes dreiv ein brevskule Bladmannskulen og rådde Lidvald til å ta eit kurs der. "Du får det for 25 kr" skreiv han til Lidvald. Lidvald seier han lærde mykje av Hans Aarnes.

Hausten 1936 fekk han gitt ut boka "Mysteriet i Trolldalen " på  Noregs Boklag. I perioden1936-1939 fekk han også prenta ein del noveller og eventyr i Norsk Vekeblad. Opp gjennom åra har han gjeve ut forteljingar, dikt og prologar i dags- og vekepresse, i årbøker og julehefte.

> Les diktet Bergen kretsfengsel (PDF, 17 kB)

> Les diktet Det ligg ein dal, ein hyllest til Naustedalen. (PDF, 7 kB)

Biblioteket har føljane bøker av forfattaren:

  • Mysteriet i Trolldalen   1936
  • Kone og mann i same spann  1993
  • Dikt og prologar   1994
  • Breidalstunet   1998
  • Eg fann, eg fann 2002
  • Den gylne stunda  2004
Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering