Kåre Lunden

Kåre Lunden - Klikk for stort bilete Odd Haugsbakk

Kåre Lunden vart født 8 april 1930  på gard nr 107 Furehaug, bruk nr 2 "Floten" i Naustdal i Sunnfjord. Han var son av ein småbrukar, pelsdyroppdrettar og anleggsarbeidar.  Han var nr. 2 i ein sysken flokk på 5, kor den yngste systera er Eldrid Lunden. Han døydde 18. juli 2013, 83 år gammal.

I 1950 tok han examen artium ved Firda landsgymnas og i 1957 blei han uteksaminert frå Noregs Landbrukshøgskule på Ås. Kåre tok hovudfag i historie i 1965. Frå 1964 jobba han ved Norsk Lokalhistorisk Institutt, og ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim frå 1966. I 1971 var han ved Historisk Institutt i Oslo, først som lektor og deretter som professor frå 1976-1997.

Kåre Lunden er ein av dei mest betydelege norske historikarar i etterkrigsgenerasjonen. Hans faglege virke er foreina med eit djupt samfunnsengasjement og eit nasjonalt og folkeleg, demokratisk grunnsyn.

Prisar Kåre Lunden har fått:

  • Norsk språkpris  i 1955
  • Neshornet, klassekampens kulturpris 2008

Biblioteket har følgjande bøker av forfattaren:

  • Aschehougs verdenshistorie bind 6 (1984)
  • Dialog med fortida: historie og historikarar frå 1184 til 1984  (1985)
  • Norsk grålysning: norsk nasjonalisme 1770-1814 på allmenn bakgrunn (1992)