Eldrid Lunden

Eldrid Lunden - Klikk for stort bilete Odd Haugsbakk

Eldrid er født 5 oktober 1940 på gard nr 107 Furehaug, bruk nr 2 "Floten"  i Naustdal. Ho var den yngste i ein sysken flokk på 5, der bror nr 2 i rekkja er Kåre Lunden.  Ho flytte heimanfrå som 14 åring for å begynne med vidare skulegang. Etter fleire års veksling mellom skule og ulike jobbar, tok ho examen artium ved Voss landsgymnas i 1961. 

Sidan studerte ho ved UiO, samtidig som ho jobba som metrologassistent ved Det norske metrologiske institutt. I 1973 blei ho cand.philol med hovudfag i nordisk og med hovudoppgåva: " Kvar gjekk Nora? Individualisme og kvinnesyn i tre norske drama."

Eldrid Lunden vert rekna som ein av Noregs viktigaste lyrikarar innanfor modernismen.

I 1996 blei ho Noregs første professor i skrivekunst. Ho var med å starta, og er studieleiar, ved Forfattarstudiet i Bø ved Høgskulen i Telemark.

Som diktar har Eldrid ei lågmælt - men særprega stemme, og ho blir i dag sett på som ein stilskapar, i så vel norsk, som nordisk poesi.

Ho debuterte på det Norske Samlaget i 1968 med diktsamlinga "F. eks. juli".

 

Prisar Eldrid Lunden har fått:

  • Nynorsk litteraturpris 1982, for Gjenkjennelsen
  • Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1984
  • Dobloug - prisen 1989
  • Aschehougprisen 1992
  • Melsom-prisen 1997
  • Brageprisen (Hedersprisen) 2000
  • Amalie Skram - prisen 2000
  • Mads Wiel Nygaards legat 2005

Biblioteket har følgjande bøker av forfattaren:

  • "F. eks. juli" (1968)
  • Inneringa     (1975)
  • Hard,mjuk (1976)
  • Mammy, blue (1977)
  • Gjenkjennelse  (1982)
  • Dikt i utval (1987)
  • Det omvendt avhengige (1989)
  • Noen må ha vore her før (1990)
  • Dikt i samling 1968-1990 (1994)
  • Slik sett (1996)
  • Til stades (2000)
  • Dikt i samling (2001)
  • Kvifor måtte Nora gå (2004)
  • Flokken og skuggen (2005)
  • Modernisme eller litterær populisme?: eit essay om Arne Garborg og Knut Hamsun (2008)

 

Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering