Andreas Engebø

Andreas Engebø - Klikk for stort bilete

Andreas Engebø fødd 1934 på Kvellestad i Vevring. Lærar, busett i Holmedal. Før skrivinga blei ein hobby for han, var han ein aktiv idrettsmann.

Han var den første landskjende idrettsutøvaren i Tambarskjelvar idrettslag, som deltakar på landslaget i kulestøyt i 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt i 1971, 1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967 (frå NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon).

Før diktsamlinga Trollhegg og vill rabarbra hadde han ein del dikt på trykk i ulike aviser. Han har også vore premiert i ein lyrikkonkurranse. Dikta til Engebø spenner vidt, både i form og innhald. Han prøver å teikne eit bilete av notida og stiller spørsmål ved mykje av det som skjer. Han tek standpunkt og parti for dei som står lågast på rangstigen. Hjå Engebø finn vi den sunnfjorske ironien og det underfundige (frå baksida av Trollhegg vill rabarbra).

Naustdal bibliotek har føljande bøker av forfattaren:

  • Trollhegg og vill rabarbra (1986)
  • Gråbein (lydbok 2005)
  • Liv i Låglandet (2008)
  • Raud myrull (2009)
  • Ørneblikk (2012)

I boka «Her er so fagert ved høge lid – Dikting og diktarar frå Naustdal og Vevring», utgjeve av Naustdal Sogelag, finn vi følgjande av Andreas Engebø:

  • Vårsus ved sjøen (s. 103)
  • Tkantgrønt (s. 103)
  • Megalomani (s. 103)
  • Naturelskaren (s. 103)

Boka Her er so fagert ved høge lid kan lånast på Naustdal bibliotek.

Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering