Anders Kvellestad

Anders Kvellestad - Klikk for stort bilete

Han vart født på Kvellestad bnr. 9 i Vevring 1. mars 1877. Foreldra var husmenn. 

Anders Kvellestad var ein verdsett  forfattar, ikkje minst mellom kristen ungdom. Bøkene hans, var kjende og omsette, også i andre land. I Sverige , Finland og Danmark fekk han tidleg ein stor lesekrins.

Han er ein av dei mest produktive forfattarane frå Naustdal. Han har skrive romanar og forteljingar m.a. ein utvandrartrilogi. Han har gitt ut ein 20-30 romanar/ novellar/ forteljingsbøker. Truleg mykje meir.

Huslyden Anders Kvellestad - Klikk for stort bilete

Frå 1900-1901 var han lærar ved framhalds skulen i Øyslebø.  Grepen av ungdomsskuleidealet søkte han herreda Halse, Holum og Øyslebø om kommunalt tilskot til ein kristen ungdomsskule som han ville starte. Medan han venta på at tida skulle verta moden, var han lærar i Stokken til 1913, styrar av Florø folkeskule til 1915, og han blei styrar av Sørlandets kristene ungdomsskule hausten1915. Denne stillinga hadde han til 1928.

Kvellestad  var på mange studiereiser med offentlege og private stipend.

Våren 1918-1919 studerte han nordiske folkehøgskular i Sverige og Danmark.

Våren 1913 studerte han språk og skuleforhold i Skotland.

Sommaren 1922 studerte  han vekkelsestendenser i Sør- Europa i middelalderen.

I 1927-1928 reiste han på anbefaling frå Kyrkje- og Undervisningsdepartemanget til USA og  Canada for å studere norske emigrantar sin innsats i kulturlivet i Amerika. Midt i eit veldig arbeidspress blei han liggande sjuk på vestkysten av Britisk Columbia . Derfor blei mesteparten av det materialet han hadde funne ikkje utnytta. Inspirajonskildene til det litterære arbeidet hans  kjem nok frå opplevingar frå denne perioden.

Så seint som i 1952 var han på studieferd ved ein rekke gymnas, høgskuler og akademiar i Finland.

Anders Kvellestad døydde i 1957 i ein alder av 80 år.

 

Biblioteket har desse bøkene av forfattaren:

  • Heilefjells varden
  • Gullet frå Norden
  • Slektsarven frå Stortorpet
  • Sin egen Gud
  • Det fjerde segl
  • Inntil tusen ledd
  • Den annen mil
  • Torpfossen
  • Under alteret
  • To sverd
  • Venstre hånd
  • Grevens testamente
  • Til Moria land
  • To verdener
  • Sigrid Vågenes
  • Er underets tid forbi?
Sist endra 09.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering