Albert Sigvard Abrahamson Joleik

Albert Joleik - Klikk for stort bilete

Albert Joleik var f. i 1880 i Flora, han døydde i 1968 på Kleppstølen i Naustdal. Han var gift med Olava Olsdotter Hjulstad. Dei fekk tolv born.

Albert var bladmann og sogeskrivar. I mange år samla han tilfang til bygdesoger i Sunnfjord. I 1959 gav han ut Sunnfjordsoga i to band, seinare vart bygdebøker for Jølster og Flora utgjeve. (Henta frå Naustdal bygdebok band II).

Bøker Naustdal bibliotek  har av Albert Joleik:

  • Kleppstøls-folkje i 400 år ( sjå også i diditalarkivet http://digitalarkivet.no/sab/joleik.htm)
  • Soga om Flora
  • Sunnfjord Soga band  II
  • Sunnfjordingen og haugianeren Anders Haave

 

I Sunnfjordbiblioteka finns også:

  • Soga um Jølst
  • Sunnfjord Soga band I
  • Ord sum er sams i rysk, norsk og svensk og ymse namnetolkingar
  • Bremanger bygdebok band I

 

I boka «Her er so fagert ved høge lid – Dikting og diktarar frå Naustdal og Vevring» utgjeve av Naustdal Sogelag finn vi følgjande av Albert Joleik:

  • Synnfjor-sånge på Synnfjor-mål (s. 51)
  • Slåttesteve um supa og sild  (s. 55)

Boka kan lånast på Naustdal bibliotek.