Forfattarar frå Naustdal

Vi har fleire forfattarar som kjem frå eller er knytt til Naustdal. I artiklane under presenterer vi dei og arbeidet deira. 

Publisert 02.11.2015
Albert Joleik

Albert Joleik var f. i 1880 i Flora, han døydde i 1968 på Kleppstølen i Naustdal. Han var gift med Olava Olsdotter Hjulstad. Dei fekk tolv born.

Albert var bladmann og sogeskrivar. I mange år samla han tilfang til bygdesoger i Sunnfjord. I 1959 gav han ut Sunnfjordsoga i to band, seinare vart bygdebøker for Jølster og Flora utgjeve. (Henta frå Naustdal bygdebok band II).

Publisert 02.11.2015
Anders Kvellestad

Han vart født på Kvellestad bnr. 9 i Vevring 1. mars 1877. Foreldra var husmenn. 

Anders Kvellestad var ein verdsett  forfattar, ikkje minst mellom kristen ungdom. Bøkene hans, var kjende og omsette, også i andre land. I Sverige , Finland og Danmark fekk han tidleg ein stor lesekrins.

Han er ein av dei mest produktive forfattarane frå Naustdal. Han har skrive romanar og forteljingar m.a. ein utvandrartrilogi. Han har gitt ut ein 20-30 romanar/ novellar/ forteljingsbøker. Truleg mykje meir.

Publisert 02.11.2015
Andreas Engebø

Andreas Engebø fødd 1934 på Kvellestad i Vevring. Lærar, busett i Holmedal. Før skrivinga blei ein hobby for han, var han ein aktiv idrettsmann.

Publisert 02.11.2015
Arild Stubhaug

Arild er født 25. mai 1948 i Naustdal. Han er son av Lidvald Stubhaug. Arild er gift med forfattaren Kari Bøge. 

Publisert 02.11.2015

Arnfinn vart fødd i Naustdal  i 1904. Arnfinn begynte på skulen i ein alder av seks år og gjekk vidare til ungdomsskule, vidaregåande skule  og høgskule. 

Publisert 02.11.2015
Bjarte Stubhaug

Bjarte er født i Bergen i 1956, han oppvaksen i Fitjar. Han er son av Lidvald Stubhaug og bror av forfattaren Arild Stubhaug.

 

Publisert 02.11.2015
Eldrid Lunden

Eldrid er født 5 oktober 1940 på gard nr 107 Furehaug, bruk nr 2 "Floten"  i Naustdal. Ho var den yngste i ein sysken flokk på 5, der bror nr 2 i rekkja er Kåre Lunden.  Ho flytte heimanfrå som 14 åring for å begynne med vidare skulegang. Etter fleire års veksling mellom skule og ulike jobbar, tok ho examen artium ved Voss landsgymnas i 1961. 

Publisert 02.11.2015
Geir Svardal

Geir Svardal født i Florø 26.4.58, vokst opp i Tromsø og Stavanger, bosatt i Oslo som voksen. (Han er barneborn til Aslaug f. Horstad og Jakob Fimland, mor til Geir,  Margunn Fimland er født i Naustdal).

Publisert 02.11.2015
Kåre Lunden

Kåre Lunden vart født 8 april 1930  på gard nr 107 Furehaug, bruk nr 2 "Floten" i Naustdal i Sunnfjord. Han var son av ein småbrukar, pelsdyroppdrettar og anleggsarbeidar.  Han var nr. 2 i ein sysken flokk på 5, kor den yngste systera er Eldrid Lunden. Han døydde 18. juli 2013, 83 år gammal.

Publisert 02.11.2015
Lidvald Stubhaug 1940

Lidvald vart fødd 15 januar 1919 på garden Stehoggane i Naustdal i Sunnfjord. Han vaks opp i ein sysken flokk på åtte. Lidvald sovna stille inn i Fitjar 19. november 2012.

Publisert 02.11.2015

Magnus Thingnæs vart fødd i  1912 i Florø av foreldra Gustav Andreas Thingnæs frå Vevring og Nele Larina Madsdotter Skorpa frå Florø. Faren var handelsmann og dreiv handel først i Bergen og til sist i Florø.

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering