Skulen vår

Naustdal barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 310 elevar som er lokalisert midt i Naustdal sentrum.

Den eldste delen av skulen er frå 1968. Skulen har hatt fleire påbyggingar, og vart samlokalisert med Naustdalshallen frå 2001. No er skulen ferdig rehabilitert med ny spesialromsfløy, ny 1.-7.-fløy og rehabilitert 8.-10.-fløy. I tillegg til dette er biblioteket, helsesøsterkontor, møterom etc også rehabilitert og moderne!

Elevane ved NBU er fordelt på 3 hovudsteg, 1.-4., 5.-7. og 8.-10- steg, og er delte i 15 klassar. Vi er totalt 54 tilsette, fordelt på 34 pedagogar, sosionom, vernepleiar, fagarbeidar, reinhaldar, driftsleiar og kontorpersonale.

 

Satsingsområde

Naustdal barne- og ungdomsskule har fire overordna satsingsområde.

Heim-skulesamhandling:

Mål: Arbeide fram eit kvalitetsmessig godt grunnlag for å kunne profilere NBU som ein god skule for barn og unge i Naustdal. Utarbeide og praktisere  god klasseleiing/læringsleiing.

  • Skulen skal ha fokus på og kompetanse innan kommunikasjon og relasjonsbygging knytt til elevar og foreldre.
  • Dokumentasjon av elevane si læring knytt til skulekvardagen og utviklingssamtalen.
  • Samarbeid med føresette: Korleis kan føresette bidra i elevane sin faglege ståstad og utvikling samt positiv utvikling av læringsmiljø.

Klasseleiing/læringsleiing:

Mål: Utarbeide forståing og prosedyre for god klasseleiing.

  • Fagleg utvikling av pedagogisk personale innan metodikk og fagkompetanse som styrkar tilpassa opplæring.
  • Aksjonslæring og refleksjon som metode for å fremje god leiing.
  • Bevisst bruk av læringsstrategiar og læringsstilar.

Vurdering for læring:

Mål:  Legge til rette for auka læringsutbyte og brei tilpassa opplæring

  • Variasjon i metodebruk.
  • Auka læringstrykk – auka læring.
  • Gode kartleggingar av læringsutbyte.
  • Gode system og tiltak for tidleg innsats.
  • Involvering av elevane i læringsarbeidet/vurderingsarbeidet.
  • Utarbeide kriterium for måloppnåing.
  • Undervegvurdering.
  • Utvikle gode lokale fagplanar.

IKT

Mål: "Leiande innan digital læring”. Gi føringar og leggje til rette for å gi elevane god digital kompetanse i grunnskulen i Naustdal kommune.

  • Bruke IKT aktivt som eit verkty for læring og kommunikasjon.
  • Bruke  pedagogiske program i opplæringa.
  • IKT utstyr og nettverk skal til ein kvar tid vere operativt.
  • Systematisk opplæring av administrasjon, lærarar og elevar.
  • Naustdal kommune brukar ressursar på IKT utvikling.
  • Haldingsskapande arbeid til nettbruk.

 

Her finn du utviklingsplanen for NBU: [Utviklingsplan (DOCX, 160 kB)]
 

NBU Spesialromsfløy juni 2016 - Klikk for stort bileteNBU Spesialromsfløy juni 2016 (Naustdal kommune) Ann Lisbeth Lesto

Rektor Naustdal barne- og ungdomsskule
  • Tlf: 57816301
  • Mob: 45 61 01 09
  • E-post: