Kunngjeringar

Her finn du plansaker og andre kunngjeringar som til dømes varsel om oppstart av planarbeid, høyringar og planar som vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

regpl_engebo_v05_illustrasjon_v2-l123494[2]

Asplan Viak Leikanger melder oppstart av detaljregulering- endringar i landdelen av gjeldande detaljregulering.

Illustrasjon viser nokre aktuelle endringar. Lenke til illusttrasjon med betre oppløysing: regpl_Engebø_v05_illustrasjon_v2 (L)(123494) (PDF, 520 kB)

Dokument i saka er å finne her: https://www.naustdal.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2018002248&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=10246&

 

Skjermbilde

Utval for plansaker gjorde dette vedtaket i sak 18/8, møtedato 08.03.2018:

Utval for plansaker vedtek at framlegg til Detaljreguleringsplan for del av gbnr. 99/2 og bnr. 9 aust for vegen Berrvellene vert sendt på høyring og lagt til offentleg ettersyn etter reglar i plan og bygningslova § 12-10.

 

Planframlegget går fram av planomtale, plankart og føresegner. Planomtale og føresegner er datert 26.01.2018.

Utval for plansaker ber om at det vert utarbeidd visuell dokumentasjon før utsending på høyring.

Antonshojen Fimland 1914, Bautaen

I samsvar med kommunal planstrategi vedtek kommunestyret i Naustdal «Kommunedelplan for kulturminne 2017-2020»

Gjennom kommunal planstrategi er det vedteke at Naustdal skal ha ein eigen kommunedelplan for kulturminne. Kommunedelplanen har no vore ute til offentleg ettersyn og i denne saka gjer rådmannen framlegg til vedtak av plan.

Framlegg kommunedelplan for kulturminner, inklusiv vedlegg, følgjer saka. Plan og prioriteringar har føregått i nær tettleik til pensjonistlaget, Sogelaget, Grendalag i Instedalen og medlemmer av råd for funksjonshemma.

Naustdal sentrum

Utval for plansaker har vedteke at plan for parkering, trafikk og uteområde ved Naustdal sjukeheim NAS skal sendast på høyring og leggast til offentleg ettersyn.