Strategisk næringsplan

Strategisk næringsplan for Sunnfjord 2019–2022 er no lagt ut på høyring, med frist for innspel 1. april 2019.

Den nye  strategiske næringsplanen  er utvikla gjennom brei forankring og mange personlege intervju med aktørar i etablert næringsliv, offentleg og privat.

 

Klikk for stort bilete

Overordna mål for kommande fireårs periode er å vidareutvikle ein sterk vekstregion i nye Vestland fylke med Sunnfjord kommune som motor. For å nå målet er det avgjerande at vi samarbeider og dreg i same retning. Handlingsplanen  beskriv konkret kva vi skal jobbe med.

Sunnfjord Utvikling  vil ta ansvar for å følgje opp denne, men tiltaka må utførast i samarbeid med mange aktørar. Sunnfjord kommune, næringsforuma, fylkeskommunen, næringslivet, Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen med fleire er relevante samarbeidspartnarar.

 

Innspel til planen kan du sende til: Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.