Planarbeid Rv 5 Erdal- Naustdal, informasjonsmøte 1. oktober

Klikk for stort bileteStatens Vegvesen presenterer planprogram for framtidig veg på strekket. Illustrasjon av moglege trasear er henta frå planprogrammet.

Vegtrase blir fastlagt ved kommunedelplan.

 

Informasjonsmøte i Kulturhuset ved Naustdal skule tysdag 1. oktober kl. 19.00.

Høyringsfrist for planprogram er 20. oktober.

Planarbeidet har bakgrunn i registrert rasfare på strekket Naustdal- Erdal. Kommunedelplan er naudsynt for at anlegget skal vere aktuelt ved rullering av Nasjonal Transportplan- NTP.

Planarbeidet er i innleiande fase, og informasjonsmøtet 1. oktober vil handle meir om prosess enn om konkrete løysingar. Nokre aktuelle korridorar for veg er likevel vist i planprogrammet side 19.

Lenke til Vegvesenet sin side.

 

Naustdal kommune har tidlegare fått utarbeidd ein rapport for nokre moglege trasear.  Rapporten er å finne her.

Vi møtest tysdag 1. oktober då?, om du er samd i at ny veg og alternative løysingar er viktige spørsmål. :-)