Kommunedelplan for kulturminne 2017-2020

I samsvar med kommunal planstrategi vedtek kommunestyret i Naustdal «Kommunedelplan for kulturminne 2017-2020»

Gjennom kommunal planstrategi er det vedteke at Naustdal skal ha ein eigen kommunedelplan for kulturminne. Kommunedelplanen har no vore ute til offentleg ettersyn og i denne saka gjer rådmannen framlegg til vedtak av plan.

Framlegg kommunedelplan for kulturminner, inklusiv vedlegg, følgjer saka. Plan og prioriteringar har føregått i nær tettleik til pensjonistlaget, Sogelaget, Grendalag i Instedalen og medlemmer av råd for funksjonshemma.

Antonshojen Fimland 1914, Bautaen - Klikk for stort bilete

Kulturminne er viktig for identiteten vår. Kulturminne og historiske miljø er faktorar som gjer ein stad interessant. Å ta vare på særpreget og utvikle verdiane utgjer kan utgjere ein viktig ressurs for reiselivet i kommunen.

Forslag til kulturminneplan er ein direkte konsekvens av at Sogn og Fjordane Fylkeskommune har aktivt retta seg i mot kommunane for å betre forvaltninga av kulturminne. Kommunane er ein sentral aktør i forvaltning av kulturhistoriske verdiar, og difor er Naustdal gitt eit tilskott for planarbeidet.

Kulturminneplanen gjev grunnlag for ein aktiv tilskotsforvaltning og eigarar har større moglegheit til å få støtte til bruk og vedlikehald. Kulturminner som er prioritert i ein kommunal plan blir prioritert ved tildeling i frå kulturminnefondet.

Kulturminneplan: Framlegg til Vedtak (PDF, 414 kB)

Framlegg til kulturminneplan for Naustdal (PDF, 4 MB)

 

Vedlegg 2. KULTURMINNE VEVRING siste versjon 03.04.2017 BK (PDF, 4 MB)

Vedlegg 3.Lone bru – Grimsetstølen (PDF, 8 MB)

Vedlegg 4.Kulturminneløype i Instedalen endeleg versjon (PDF, 2 MB)

Vedlegg 5. Andre kulturminne i Naustdal (PDF, 3 MB)

Vedlegg 6. BRUTEGNINGER AV BÆRELVBRUA OG GAMLEBRUA OVER NAUSTDALSFOSSEN (PDF, 857 kB)