Høyring - Skuleruta 2019-20. Organisering av skuleveke/dagar for elevane

Framlegg til skulerute for elevane for 2019-20 vert med dette sendt ut på høyring. Vedlagt ligg samordna framlegg til skulerute for elevane i Sogn og Fjordane frå skuleutvalet og Fylkeskommunen. Dei skulefagleg ansvarlege i dei fire kommunane tilrår at dette vert skulerute for elevane i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal for skuleåret 2019-20.

Det vert og sendt ut på høyring eit framlegg om at alle elevane i dei fire kommunane frå skuleåret 2019-20 skal ha 5-dagars skuleveke. Dette er normalordninga i dei fleste kommunane og Førde har hatt denne ordninga sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Dei skulefagleg ansvarlege tilrår at dette og vert normalordning for elevane i dei fire kommunane. Det ligg ved eit notat som syner timefordelinga etter rundskriv UDIR-1-2018 og korleis ordninga på småskulesteget er i dag.

Saka vert fremja for Fellesnemnda for Sunnfjord som gjev ei tilråding til kommunane. Sidan ordninga er tenkt gjort gjeldande frå august 2019 vert saka og handsama i dei fire kommunane som skuleeigar.

 

 

Høyringsfrist er sett til 1. desember 2018!

 

Høyringsuttale skal sendast Førde kommune

PB 338, Hafstadv. 42

6802 Førde

E-post: postmottak@forde.kommune.no