Kunngjeringar

Her finn du plansaker og andre kunngjeringar som til dømes varsel om oppstart av planarbeid, høyringar og planar som vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Om klagerett i  reguleringssaker.

Vedtak i reguleringssaker (plan- og bygningslova kap. 12) kan klagast på, om saka vedkjem deg i slik grad at du har rettsleg klageinteresse. (Lenke til artikkel på nett)

Det er ikkje tilsvarande klagerett knytt til vedtak av kommuneplan mm.


Vedtak kan klagast på etter reglar i forvaltningslova; https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1967-02-10

Mogleg klage må sendast til kommunen innan 3 veker etter at dette vedtaket er motteke. Formannskapet er klageinstans i kommunen. Klage går til Fylkesmannen for endeleg avgjerd i det tilfellet at klagen ikkje får medhald i kommunen.

Dersom vedtak blir omgjort til fordel for ein part, kan parten og få rett til dekking av naudsynt juridisk hjelp knytt til klagen.

 

Statens Vegvesen presenterer planprogram for framtidig veg på strekket. Illustrasjon av moglege trasear er henta frå planprogrammet.

Vegtrase blir fastlagt ved kommunedelplan.

 

Informasjonsmøte i Kulturhuset ved Naustdal skule tysdag 1. oktober kl. 19.00.

Høyringsfrist for planprogram er 20. oktober.

Fellesnemnda for Sunnfjord kommune ber om innspel til nye forskrifter for teknisk sektor. Forskriftene skal gjelde frå 1. januar 2020.

Utval for plansaker i Naustdal kommune har hatt framlegg til detaljreguleringsplan for Engebø til fyrstegongs handsaming den 16.04.19. Denne detaljreguleringsplanen erstattar del av tidlegare godkjend reguleringsplan for utvinning av Rutil i Engebøfjellet. Ny reguleringsplan omfattar planendringar og meir detaljerte løysingar for landområdet. I medhald av plan- og bygningslova  12 – 11 vert framlegg til detaljregulering Engebø lagt ut til offentleg ettersyn.

Høyringsfrist er sett til fredag 07.06.2019.

Høyringssvar sendast Naustdal kommune på e-post: postmottak@naustdal.kommune.no

eller på postadresse Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Ved spørsmål ta kontakt med Ørjan Stubhaug på telefon 90999676, eller e-post: Orjan.Stubhaug@naustdal.kommune.no

Strategisk næringsplan for Sunnfjord 2019–2022 er no lagt ut på høyring, med frist for innspel 1. april 2019.

Den nye  strategiske næringsplanen  er utvikla gjennom brei forankring og mange personlege intervju med aktørar i etablert næringsliv, offentleg og privat.

 

Framlegg til skulerute for elevane for 2019-20 vert med dette sendt ut på høyring. Vedlagt ligg samordna framlegg til skulerute for elevane i Sogn og Fjordane frå skuleutvalet og Fylkeskommunen. Dei skulefagleg ansvarlege i dei fire kommunane tilrår at dette vert skulerute for elevane i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal for skuleåret 2019-20.

I samsvar med kommunal planstrategi vedtek kommunestyret i Naustdal «Kommunedelplan for kulturminne 2017-2020»

Gjennom kommunal planstrategi er det vedteke at Naustdal skal ha ein eigen kommunedelplan for kulturminne. Kommunedelplanen har no vore ute til offentleg ettersyn og i denne saka gjer rådmannen framlegg til vedtak av plan.

Framlegg kommunedelplan for kulturminner, inklusiv vedlegg, følgjer saka. Plan og prioriteringar har føregått i nær tettleik til pensjonistlaget, Sogelaget, Grendalag i Instedalen og medlemmer av råd for funksjonshemma.

Naustdal sentrum

Utval for plansaker har vedteke at plan for parkering, trafikk og uteområde ved Naustdal sjukeheim NAS skal sendast på høyring og leggast til offentleg ettersyn.