Inn på tunet

Inn På Tunet (IPT) er aktivitetstilbod på gardsbruk for enkeltpersonar eller grupper. Aktivitetane er knytt opp til garden, livet og arbeidet der, og skal gi meistring, utvikling og trivsel.

IPT-tilbod er alternativ til tradisjonelle tilbod, innan t.d. skule og opplæring, og gir meir mogelegheit for tilpassing til den einskilde brukar. Mange ulike grupper kan ha nytte og glede av eit IPT-tilbod; nettopp fordi ein kan tilpasse tilbodet til brukargruppa – og til den einskilde brukar. 

Dei vanlegaste felta for IPT er:
  • Skule/alternativ opplæringsarena
  • Dagtilbod for personar med demens
  • Arbeidstrening
  • Avlastning t.d innan barnevern
 

Gjennom den nasjonale satsinga «Inn På Tunet løftet» fekk Naustdal kommune midlar til å drifte eit kommunalt IPT-prosjekt frå august -13 til desember -15. Vi skulle sjå på muligheitene for å starte opp IPT i Naustdal.

Ingen har starta opp – endå, men dette er ein lang prosess, og både tilbydar- og kjøparsida har gjort seg nyttige erfaringar og ny lærdom. Sjølv om prosjektet no er avslutta, vil ein fylgje opp aktuelle tilbyderar der det trengs. Dette gjeld så klart enten du har vore inne som ein del av prosjektet eller ikkje.

 

I prosjektperioden er det sett saman ei handbok, med informasjon både til kjøpar- og tilbydarsida. (PDF, 943 kB)

Jente plukkar Kvitveis i Smådalen. (Britt Kringlen) - Klikk for stort bileteJente plukkar Kvitveis i Smådalen. (Britt Kringlen) Britt Kringlen
Kommunalsjef for samfunnsutvikling
  • Tlf: 57 81 61 23
  • Mob: 90999676
  • E-post: