I løpet av prosjektperioden har vi gjennomført spørjeundersøking og dialogmøter, der vi har fått innspel frå målgruppa om kva tilbod dei ynskjer.
Med dette som grunnlag har vi lagt til rette for oppstart av trimgrupper i Dalen og Vevring, og vi har starta aktivitetskafè på kyrkjelydshuset kvar torsdag. Her kan ein møtast for å vere sosial over ein kaffikopp, spele boccia, synge, trimme eller sjå på bilder frå gammalt av.
Vi har og samla informasjon om aktivitetar for pensjonistar i eigen folder. Denne finn du bl.a. på kommunehuset.
Innan april 2015 vil vi få tilbakemelding på søknad om midlar til vidareføring av prosjektet. Om vi får innvilga denne, vil vi utvide aktivitetskafeen til å vere open to dagar i veka. Vi vil, etter ynskje frå målgruppa, og satse meir på aktivitetar på tvers av generasjonane.
Meir informasjon
Brosjyre med oversikt over helsefremjande aktivitetar i Naustdal. (PDF, 690 kB)
Plakat med program for Aktivitetskafé. (PDF, 247 kB)
Kleivastølen. (Britt Kringlen)
Britt Kringlen