Folkehelse - kompetanse frå vogge til grav

Folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å påverke det som fremjar og held ved like helsa til befolkninga.

Folkehelsekoordinator samarbeider med aktuelle instansar og frivillige organisasjonar, og koordinerer det førebyggjande og helsefremjande arbeidet i kommunen.

Naustdal kommune er med i eit interkommunalt samarbeid som skal bidra til å oppfylle kommunane sitt ansvar til innbyggjarane i høve miljøretta helsevern, smittevern og  førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. Folkehelseavdelinga i Flora utfører arbeidet.

Folkehelseprofil

Folkehelseinstituttet utarbeider årleg folkehelseprofilar for den einskilde kommune og fylke, basert på rapporterte data.

Barometeret  for  Naustdal syner gjennomsnittleg eller positiv score i høve til landsgjennomsnitt for dei fleste parametrane. Profilen for Naustdal kommune kan hentast på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Aktivitetar i folkehelsearbeidet

Frisklivssentralen er godt i gang med sit tilbod til barn og vaksne gjennom motivering, rettleiing og tett oppfølging i høve livsstil og helse. Dei tilbyr, mellom anna, kosthaldsveiledning og  trening i grupper og styrkerom til barn, vaksne og eldre.

Prosjektet «Helsefremjande eldre»  har gjennomført ei større kartlegging av aktiviteten hjå alle eldre over 67 år i kommunen. Etter kartlegginga er det sett i verk , mellom anna, to trimgrupper og ein aktivitetskafè i samarbeid med Frivilligsentralen og Pensjonistlaget. Planen er å vidareføre prosjektet, og å utvide tilbodet.

Barn si psykisk helse er eit satsingsområde i kommunen. Det vert jobba med ein oppvekstplan. Vi har fått innvilga prosjektmidlar retta mot barn og unges psykiske helse. Kommunen har, mellom anna, satsa på «Psykologisk førstehjelp» opplæring til lærarar, barnehagetilsette og helsesøstrer som eit felles verktøy i utfordringar ein møter i høve barn si psykiske helse. Midlane vert og nytta i eit prosjektsamarbeid mellom skulen og  barne- og ungdomspsykiatrien.

Til utjamning av sosiale skilnader har kommunen har fått midlar frå Helsedirektoratet til å motarbeide barnefattigdom. Midlane vert nytta til kjøp av utstyr som stimulerar til aktivitet, og til betaling av div aktivitetsutgifter. Kommunen har Utstyrsentral for ungdom.

Arbeidet med folkehelseoversikten er i gang i samarbeid med Folkehelseavdelinga i Florø. Resultatet skal bli eit årleg, og fireårig oversikt over folkehelsa i kommunen. Mellom anna til bruk som informasjonsgrunnlag i ulike plan- og utviklingsarbeid i Naustdal.

Deltaking i «Sjumilssteget» set fokus på barnekonvensjonen og oppvekstvilkår. Kartlegging og utvikling av gode oppvekstvilkår der barn og unge sjølve medverkar er sentralt. 

 
 Jente i svevet, hopp frå stupebrygga på Sanden (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteJente i svevet, hopp frå stupebrygga på Sanden (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland
Publisert av Ann-Katrine Bruflot. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Artikkel med kontaktperson (1)
Eksterne linkar (1)
 
 
Login for redigering