Kommunevåpen

Naustdal kommune vart skilt frå Førde kommune 1.januar 1896, men det skulle gå mange år før kommunen fekk eige kommunevåpen. Det kom i 1987.

Motivet synar eit blått skjoldhovud laga med breitt tannsnitt mot botn i sølv og illuderer fleire naust som ligg tett saman.

Våpenet er teikna av Inge Rotevatn i oktober 1987, og då det vart vedteke av kommunestyret, var tilrådinga frå Formannskapet denne:

"Naustdal kommunestyre vedtek at motivet med tre sparrar, som syner attende på naust/nausttak vert vald som kommunevåpen for Naustdal, og fargen blå vert nytta på øvre delen (himmelen) og sølv på den nedre delen sjø/naust."

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 12.11.2015
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: