Fakta om Naustdal

Naustdal er ein langstrakt og variert kommune, med 2700 innbyggjarar busett langs tre mil dal og tre mil fjord.

Naustdal sentrum ligg sentralt plassert berre 11 km frå fylkessenteret Førde, og utgjer eit naturleg midtpunkt på den sentrale aksen mellom Førde og Florø. Kommunen vår strekkjer seg frå fjellbygdene i dalen til Vevring og Kvellestad ved fjorden. Svært mange i Naustdal har arbeidsplassen sin i Førde eller Flora. Landbruk, bygg og anlegg og det offentlege er dei største arbeidsplassane i kommunen.

Naustdal kommune er særleg kjend for lakseelva Nausta og kunstbygda Vevring.

Naustdal kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar i nord til Gloppen, i aust til Jølster, i vest til Flora og i søraust til Førde. Over Førdefjorden i sørvest ligg Askvoll.

Sjølve tettstaden Naustdal hadde 1 146 innbyggere per 1. januar 2013.

Vi har eit svært aktivt og variert idrettsmiljø. Tambarskjelvar Idrettslag har fostra fleire idrettsfolk på nasjonalt nivå, med prestasjonar i vektlyfting som dei mest kjende.

Tusenårsstaden i Naustdal er Sanden like ved sentrum og fjorden, med lagune, badestrand, volleyballbane, badebrygger, gangstiar og småbåthamn. Lenger ute i fjorden ligg Russeneset friluftsområde med rasteplassar, merka stiar og gode fiskeplassar ved Ålesundet – smalaste sundet i Førdefjorden der fisken trivst i dei sterke straumane.

I Frammarsvik ligg Luftkampmusèet, som formidlar det store luftslaget over Sunnfjord mot slutten av andre verdskrigen.

Dei særmerkte kunstnarane Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Svein Thingnes har vakse opp i Naustdal. Vevring har i mange år markert seg som kunstbygda, og har arrangert Vevringutstillinga sidan 1979.

Nausta er det vassdraget i Sogn og Fjordane der det blir fiska mest laks, og har statusen ”Nasjonalt laksevassdrag”. Elva munnar ut ved sentrum, og har prega landskapet i den lange dalen innafor sentrum med sine vakre fossefall.

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 20.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering