Politisk styring

Håkon Myrvang frå Arbeiderpartiet er ordførar i Naustdal kommune i perioden 2015 - 2019.

Anne Britt Øyra frå Høgre er varaordførar.

Kommunestyret skal minst ein gang i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte ei drøfting av strategiske val knytt til samfunnsutvikling (langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si  verksemd) og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden.

Les planstrategi 2011 - 2015 for Naustdal kommune. Sjå elles arkivsak 12/368.

Ordførar leiar møta i kommunestyret og formannskapet,  og er kommunen sin rettslege representant der slik mynde ikkje er tillagt andre.

Kommunestyret har 21 representantar og har slik partifordeling:

  • Arbeiderpartiet (9)
  • Sosialistisk Venstreparti (4)
  • Senterpartiet (4)
  • Høgre (2)
  • Venstre (1)
  • Kristeleg Folkeparti (1)

Sjå oversikt over politiske utval, parti og politikarar under Innsyn.

Ansvarleg Håkon Myrvang. Sist endra 12.11.2015
Ordførar
  • Tlf: 57816118
  • Mob: 46890950
  • E-post: