Mandat og prosess

Mandatet

Eit felles formannskapsmøte mellom SiS-kommunane Flora, Naustdal, Førde, Jølster og Gaular 23. og 24. september 2014 laga mandatet for gjennomføringa av reforma. Her vart framdrift, styring og premissar for deltakinga skissert. Dei fem kommunestyra i SiS slutta seg til mandatet utover hausten 2014. Nokre av kommunane har òg andre alternativ dei ønskjer å greie ut.

Kommunane Gloppen, Hyllestad, Fjaler og Askvoll meldte eit ønskje om å få delta i arbeidet med å greie ut ein felles kommune i Sunnfjord. Rådmenn og ordførarar frå alle dei fire kommunane deltok seinare på felles møte i styringsgruppa i Førde 25.11.14, og har sidan vore involvert i arbeidet på lik line med SiS-kommunane.

Prosessen

Fase 1 er gjennomført, og har avklart vidare deltaking i prosessen, eit utgreiingsprogram (eksternt og internt) og kva for tema ein ønskjer å utarbeide for intensjonsavtalar vidare (politisk og administrativt).

I fase 2 skal ein innan 01.06.15 ha laga ein analyse som viser utfordringsbilete for seg sjølv og aktuelle samanslåingskandidatar, og føre opp alle dei samarbeidstiltaka ein har med andre kommunar. Kommunestyra skal òg innan den tid ha gjort vedtak om innbyggjarhøyring (som vil bli planlagt og gjennomført innan våren 2016), kva oppgåver ein ser som ønskjeleg å ta med seg i ein ny kommunestruktur, og kva for kommunar ein eventuelt ønskjer å slå seg saman med samt ein intensjonsavtale.

Utgreiing 1, 2 og 3 rapporterer dette arbeidet. Felles formannskapsmøte vart gjennomført 22.05.15. Framlegg til intensjonsavtalar kjem 1. juni 2015.

Fase 3 ser ein føre seg hausten 2015 med planlegging av ny kommune, skissering av felles arbeidsvilkår, og førebuing av innbyggjarhøyring.

Våren 2016 vil ein gjennomføre ulike former for innbyggjarhøringar i samsvar med kva den einskilde kommune legg opp til, før endeleg vedtak om kommunesamanslåing vert gjort i kvar kommune i juni 2016.

1. januar 2020 skal ny kommune vere i funksjon.

 

Ansvarleg Øyvind Bang-Olsen. Sist endra 21.06.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Rådmann
  • Tlf: 57816119
  • Mob: 41530111
  • E-post:  
Ordførar
  • Tlf: 57816118
  • Mob: 46890950
  • E-post:  
 
 
Login for redigering