Kva skal kommunen heite?

Resultatet frå den rådgivande innbyggarundersøkinga i Førde og Naustdal kommune viser eit  fleirtal for «Førde» som kommunenamn på den nye kommunen. 75 prosent av dei spurte i Førde kommune vil ha «Førde» som namn og 59 prosent av dei spurte i Naustdal.

Det er 800 av innbyggarane i Førde som har svart og 250 av innbyggarane i Naustdal. Personane som er spurt skal vere eit representativt utval med omsyn til alder og kjønn.  Dei andre namnevala i undersøkinga var Indre Sunnfjord og Firda. I Førde vil 13 prosent ha Indre Sunnfjord og 6 prosent Firda. I Naustdal vil 19 prosent ha Indre Sunnfjord og 13 prosent Firda.

Du kan laste ned innbyggarundersøkinga utført av Opinion her: Innbyggarundersøking Førde og Naustdal mai 2017

Namnespørsmålet skal opp i kommunestyremøte 15. juni 2017 i Førde og Naustdal.

Innbyggarhøyring om kommunenamn i Førde og Naustdal

Bur du i Førde eller Naustdal kan du bli oppringt av opinion for å høyre kva du meiner den nye kommunen skal heite. Du må vere 16 år eller eldre for å vere med i innbyggarhøyringa.

Kva alternative namn vert du spurt om?

  • Indre Sunnfjord
  • Førde
  • Firda

Ta telefonen når 61 60 11 27 ringer

Innbyggarhøyringa vert gjennomført i løpet av siste halvdel av mai 2017.

Vedtak om kommunenamn 15. juni i Førde og Naustdal

Etter innbyggarhøyringa vil Naustdal kommunestyre og Førde bystyre gjere vedtak om kommunenamn 15. juni 2017.

Kva skjer dersom dei fire kommunane har ulike vedtak?

21. juni har Fylkesmannen kalla inn til eit felles kommunestyremøte på Skei, der politikarane mellom anna skal drøfte namnet på den nye kommunen. Om kommunane framleis har ulike vedtak, blir det Kongen i statsråd som til slutt avgjer namnespørsmålet. Truleg vil det skje i oktober 2017.

Prosessen fram mot eit kommunenamn

Ordførarane har vore namnenemnd. I intensjonsavtalen var namnet bestemt til å vere Sunnfjord, men andre kommunar i Sunnfjord protesterte mot dette, og namnenemnda tilrådde derfor Indre Sunnfjord som namn på den nye kommunen. Språkrådet tilrådde Indre Sunnfjord, men sa også at Førde er eit godt alternativ.

I løpet av april var spørsmålet om kommunenamn oppe i alle dei fire kommunestyra. Jølster og Gaular kommune har gjort vedtak om Indre Sunnfjord som namn. Naustdal kommune har spelt inn namnet Firda som nytt kommunenamn og har tilrådd ei folkehøyring som ei opinionsundersøking. I bystyret i Førde var det fleirtal for at det blir gjennomført ei opinionsundersøking.

>> Les meir om den nye kommunen i Sunnfjord

 

Kart liten SiS - Klikk for stort bileteKart liten SiS Prosjekt Sunnfjord / Rein Design

Sist endra 14.06.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering